Engminneblom
Engminneblom | |
Engminneblom | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Boraginales |
Familie: | Rubladfamilien Boraginaceae |
Underfamilie: | Boraginoideae |
Stamme: | Myosotideae |
Slekt: | Minneblomslekta Myosotis |
Art: | Engminneblom M. scorpioides |
Vitskapleg namn | |
Myosotis scorpioides |
Engminneblom (Myosotis scorpioides ) er ei fleirårig plante i rubladfamilien. Ho har ei sirkumpolar utbreiing i den nordlege tempererte sona.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Planta har opprett vekst og kan bli opptil 70 cm høg. Ho har tett blomsterstand utan blad. Blomsteren er oftast 8-12 mm brei, stundom 4-5 mm. Knoppen er rosa medan blomsteren som regel er lyseblå når han er heilt open, med gule senter og kvite saftmerke. Kronrøyra når utom begerflikane.
Engminneblom blømer frå midten av våren til den første frosten i tempererte klima.[1][2]
Medan engminneblom opphavleg kjem frå Eurasia, veks planta også introdusert andre stader. Ho er utbreidd i Nord-Amerika, der ho nokre stader blir rekna som eit skadeleg ugras. Han finst i Noreg nord til Vesterålen, og også i Finnmark.
Engminneblom veks vanlegvis i våte og fuktige område, som i grøfter, myrer, vatn, bekkar og elver.[3] Planta føretrekk våt jord, men kan også veksa neddykt i vatn, og kan forma flytande øyer.[3]
Andre namn på engminneblom er bokmål «engforglemmegei»,[4] dansk eng-forglemmigej, svensk förgätmigej og engelsk water forget-me-not eller scorpion grass.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Water Forget-me-not, Myosotis scorpioides - Flowers - NatureGate». www.luontoportti.com (på engelsk). Henta 16. mai 2017.
- ↑ A., Stace, Clive (2005). New flora of the British Isles. Cambridge Univ. Pr. ISBN 0521589355. OCLC 315524731.
- ↑ 3,0 3,1 «Myosotis scorpioides (Water Forget-me-not) | Online Atlas of the British and Irish Flora». www.brc.ac.uk (på engelsk). Henta 16. mai 2017.
- ↑ «Art Myosotis scorpioides L.». Artsdatabanken.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Förgätmigej» frå Wikipedia på svensk, den 13. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Myosotis scorpioides» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2018.