Energidepartementet i USA
Utsjånad
Energidepartementet (U.S. Department of Energy) er eit departement i den amerikanske føderale regjeringa som har ansvar for energipolitikk, utvikling av atomvåpen, atomreaktorproduksjon for marinen, energisparing, energiforskning, radioaktivt avfall og energiproduksjon.
Departementet er den største føderale bidragsyteren til forsking innan grunnleggande og praktisk vitskap. Dette vert hovudsakleg gjort gjennom departementet sitt nettverk av nasjonale laboratorium.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Energidepartementet (USA)» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2009.