Hopp til innhald

Elise Bjørnebekk-Waagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elise Bjørnebekk-Waagen
Fødd19. februar 1990 (34 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Elise Bjørnebekk-Waagen, fødd Waagen, (fødd 19. februar 1990) er ein norsk politikar frå Hannestad i Sarpsborg. Ho har sidan 2017 representert Østfold og ArbeidarpartietStortinget.

Elise Waagen deltok i 2011 på AUF sin sommarleir på Utøya i Hole. Under terroråtaket mot leiren vart ho skadeskoten i låret, ein skade det tok lang tid å utbetre.

Waagen var bystyremedlem i Sarpsborg frå 2015, der ho vart vald til leiar i utvalet for velferd og folkehelse. Hausten 2017 kom ho inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin andrekandidat frå Østfold, attvald i 2021. Perioden 2017-21 var ho medlem i Arbeids- og sosialkomiteen.