Do Wah Diddy Diddy
Utsjånad
Do Wah Diddy Diddy Singel av Manfred Mann | ||
B-side |
«What You Gonna Do?» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. juli 1964 (UK) 3. august 1964 (US) | |
Innspelt | 11. juni 1964 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | HMV POP1320 (UK) Ascot AS 2157 (US) Capitol 72178 (Canada) | |
Komponist | Jeff Barry, Ellie Greenwich | |
Tekstforfattar | Jeff Barry, Ellie Greenwich | |
Låtskrivar(ar) | Jeff Barry, Ellie Greenwich | |
Manfred Mann-kronologi | ||
«Hubble Bubble (Toil and Trouble)» (1964) |
Do Wah Diddy Diddy | «Sha La La» (1964)
|
«Do Wah Diddy Diddy» er ein song skriven av Jeff Barry og Ellie Greenwich og opphavleg spelt inn i 1963 av den amerikanske vokalgruppa the Exciters.
Han vart kort tid etter spelt inn av den britiske R&B-, beat- og popgruppa Manfred Mann. Manfred Mann-versjonen, som selde betre, vart spelt inn 11. juni 1964 og gjeve ut den 10. juli[1] og låg to veker på toppen av singellista i Storbritannia i august[2] og to veker øvst på Billboard Hot 100 i USA i oktober.[3] I Noreg nådde singelen fjerdeplassen.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1964 vart songen spelt inn av den franske songaren Sheila som «Vous les copains». Same året vart han spelt av Québécois songaren Tony Roman, som «Do Wha Diddy».
- Reparata and the Delrons spelte inn songen i 1965 for albumet Whenever a Teenager Cries.
- Det britiske popbandet Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich spelte songen som finst på samlealbum av bandet.
- Andrew Gold spelte songen i 1976 på albumet What's Wrong with This Picture.
- Songen vart spelt inn av den tyske jentegruppa À La Carte i 1980, og av den nederlandske jentegruppa Dolly Dots i 1982.
- The Fools, eit rockeband frå Massachusetts, spelte inn ein vrsjon i 1985 som vart mykje spelt på MTV.
- Songen vart parodiert av den kontroversielle hip hop-gruppa 2 Live Crew i 1988 på albumet Move Somethin', og av Macc Lads i songen deira Manfred Macc.
- The Moffatts spelte inn songen i 1995.
- I 1995 spelte den tyske popgruppa Fun Factory songen som «Doh Wah Diddy», som vart den største hitten deira i Tyskland til då.
- Songen vart omgjort av den koreanske idolgruppa Shinhwa i 1998.
- DJ Ötzi gav ut ein versjon i 2001.
- Riders in the Sky gav ut ein Monsters, Inc.-versjon på albumet Monsters, Inc. Scream Factory Favorites i 2002.
- Songen vart spelt inn av Kramer på albumet hans The Brill Building, ei samling songar frå 1960-åra, skrivne i Brill Building.
- Neil Diamond spelte songen på albumet Up on the Roof: Songs from the Brill Building
I popkulturen
[endre | endre wikiteksten]- Songen vart nytta av Bill Murray og Harold Ramis i 1981 i filmen Stripes og har sidan vorte nytta som marsjrop i militæret.
- Songen vert nytta i LA Story, ein film frå 1991 av Steve Martin.
- Han vart nytta som kjenningsmelodi for den filippinske fjernsynsserien Ang TV i 1990-åra.
- Songen vart sungen av Jesse and the Rippers på Full House.
- Songen vart sungen av Melissa McCarthy i ein episode av Mike and Molly.
- Songen vart nytta i filmen My Girl frå 1991, sungen av hovudrolla Vada Sultenfuss.
- songen vart sungen av Jill Taylor i ein episode av Home Improvement
- Songen vart nytta i Short Circuit 2.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Do Wah Diddy Diddy» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Discography Arkivert 2009-04-13 ved Wayback Machine..
- ↑ «All the Number One Singles: 1964». The Official Charts Company. Henta 13 June 2010.
- ↑ Bronson, Fred (1992). The Billboard Book of Number One Hits (3rd utg.). New York, NY: Billboard Publications, Inc. s. 158. ISBN 0-8230-8298-9.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 12. oktober 1964. Henta 19. februar 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Do Wah Diddy Diddy". Irish Singles Chart. Retrieved 14. januar 2018.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ https://archive.is/20160305064644/http://www.austchartbook.com.au/
- ↑ List of Top 25 singles for 1964 in Australia
- ↑ Musicoutfitters.com
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Heile songteksten på MetroLyrics
- 55 Years Ago: Manfred Mann Hit No.1 With ‘Do Wah Diddy Diddy’ ved ultimateclassicrock.com