Diva Zappa
Diva Zappa | |||
Fødd | 30. juli 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Diva Muffin Zappa | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | filmskodespelar, skodespelar, songar, gründer, komponist, fjernsynsskodespelar, motedesigner | ||
Mor | Gail Zappa | ||
Far | Frank Zappa |
Diva Muffin Zappa (fødd 30. juli 1979) er ein amerikansk artist og skodespelar, og det yngste barnet til musikaren Frank Zappa.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Zappa vart fødd i Los Angeles som dotter av Frank og Gail Zappa. Ho har tre sysken, Moon Unit, Dweezil og Ahmet.
Ifølgje faren Frank fekk ho namnet Diva «på grunn av den høge stemma hennar. Ho kunne høyrast på 300 meter».[1]
Diva Zappa spelte i den første filmen sin i 1998, Anarchy TV, i lag med dei eldre syskena hennar. Sidan den gongen har ho vore med i Children of the Corn V: Fields of Terror (1998), National Lampoon's Pledge This! (2006), og forskjellige fjernsynsseriar som Felicity, Brothers & Sisters og The Mighty Boosh.
I 1999 gav Zappa ut komediesingelen «When the Ball Drops».[2] Tipper Gore spelte trommer på innspelinga[2] og Kristen Gore song korvokal.[3]
Zappa driv sitt eige selskap kalla «Hand Made Beauty» der ho sel sin sjølvdesigna og sjølvlaga klede.[4] Kleda er hovudsakleg strikka eller hekla.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Diva Zappa» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mary Campbell (31. januar 1980). «Zappa still lives in the world of the weird». Sarasota Herald-Tribune.
- ↑ 2,0 2,1 Staff (desember 28, 1999). «Tipper Gore Plays Drums for Diva Zappa». Spartanburg Herald-Journal.
- ↑ «Diva Zappa: Two Gores and a Record». Wilmington Morning Star. 29. desember 1999. Henta 29 mars 2011.
- ↑ «Hand Made Beauty».
- ↑ Sarah Taylor (august 10, 2006). «Purl Girl». Women's Wear Daily.