Diskusjon:Ekkokardiografi
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006. Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006 |
God artikkel
[endre wikiteksten]Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.
Kommentarar
[endre wikiteksten]Kanskje me kan ha eit kappløp mellom denne og Traktor om kven som vert først ferdig? Ekko ser ut til å meina at det framleis står att nokre detaljar her òg. --Tannkrem 08:53, 13 januar 2008 (CET)
- Går det an å skriva "kvantifiserbare data" med norskare og enklare ord?
- Bolken Vevsdoppler kan med fordel skrivast om slik at språket flyt betre.
- Er "pasienten" brukande der det står "Han som skal undersøkast"?
- Artikkelforfattaren bør velja mellom -ja- og -a-/ -je- og -e-/ -jer og -er-endingar i verb og substantiv som t.d. sittande, trengja, tenkja, søkja, undersøka, skiljevegg, lydbølgjer, ligge... Så kan me gå gjennom og gjera alle like.
- Kan me nokre stader byta ut transduser med probe? Probe er kanskje eit ord den jamne nordmann får meir meining ut av.
- Når me har fiksa det språklege, trur eg artikkelen er god nok. --Tannkrem 13:34, 13 januar 2008 (CET)
- Kvantifiserbart er retta. Pasienten er satt inn. J eller ikkje, dette speglar nok at hovudforfattaren vaklar mellom eit bokmålsnært skriftspråk og et som er klårare nynorsk. Eg trur ein konsekvent j er best. Eg trur òg at konsekvent bruk av probe er best. --Ekko 13:55, 13 januar 2008 (CET)
- Vevsdoppler er skrivi noko om. --Ekko 11:26, 14 januar 2008 (CET)
Røysting
[endre wikiteksten]- For. Det finst nok enno kronglete setningar, parentesar som kan arbeidast inn i setningar og småfeil eg har oversett. Men godt nok, synest eg. --Tannkrem 21:59, 13 januar 2008 (CET)
- For, einig. --EIRIK\diskusjon 23:17, 13 januar 2008 (CET)
- For. Rimeleg god, fjerne raude peikarar utan å laga frø kjem i løpet av året. --Ekko 17:14, 15 januar 2008 (CET)
- For --Frokor 17:38, 15 januar 2008 (CET)
Imot Innhaldet er bra, men språket er framleis for mangelfullt til å stemple den som "god". Eg har retta nokre feilbøygde substantiv i ubunden form fleirtal, men det er nok meir grums (eg har ikkje finlese heile artikkelen). Det er òg nokre setningar som framstår som litt kronglete og vanskelege (litt fordi det er eit ukjent emne for meg, det medgir eg). Ein liten språkdugnad til, og eg kjem til å snu. --Bep 18:26, 15 januar 2008 (CET)For --Bep 18:12, 16 januar 2008 (CET)- For No har eg lært særs mykje om ekkokardiografi og litt meir om kjønn på nynorsk. Flotte greier. --Ranveig 16:17, 16 januar 2008 (CET)
Transducer
[endre wikiteksten]Er transdusar eit ord på norsk? Det engelske transduces tyder "ei innretning for å omforme ei form for energi til noko anna", td. trykk til straum, eller straum til vibrasjon. Forslag blir tekne vel imot. --Ekko 8. mai 2005 kl. 2104 (UTC)
- Kva med «omformar»? --GauteHK 8. mai 2005 kl. 2128 (UTC)
- Opptatt. Gjeld berre mellom skilde formar for elektrisk straum --Ekko 8. mai 2005 kl. 2130 (UTC)
ei beinveges umsetjing er yverførar - føra ei sak yver til noko anna. Anna ord: umskapar --Fatagnus 8. mai 2005 kl. 2237 (UTC)
- Engelsk-norsk teknisk ordbok seier fylgjande:
- transducer s måleverdiomformer, transducer [pros] [NC]; giver, signalgiver [aut]; omsetter [tele]; omformer [mål]
- --KRISTAGAα-ω 8. mai 2005 kl. 2255 (UTC)
- Attende på jobben og Øyris norsk medisinsk ordbok. Ho nyttar transdusar. Eg likar det ikkje, men eg trur det får bli det. Dersom med då ikkje skal fylgja Fatagnus og laga signalumskapar. --Ekko 9. mai 2005 kl. 0728 (UTC)
Opphavsrett til bilete
[endre wikiteksten]Det hadde vore greit med litt fleire detaljar om opphavet til biletet. Det står rett nok «Source: Uploaded by creator ... Kjetil Lenes». Men slike bilete blir nødvendigvis skapt i medisinsk praksis, og utan fleire detaljar er det vanskeleg å veta om den som tok biletet faktisk har opphavsretten. --Eddi (Snakk) 8. mai 2005 kl. 2310 (UTC)
- Eg skjønar ikke heil kva for opplysningar du saknar. Eg skjønar heller ikkje kvifor ekkokardiogram skiljer seg frå andre bilete av menneske. Kan du seia meire om kva du ynskjer og kvifor? --Ekko 9. mai 2005 kl. 0722 (UTC)
- Eg er samd med Kjetil, ein skulle tru at han har opphavsretten til dette. Men når det er sagt, her i Australia er opphavsretten på alt eg gjer og lagar på sjukehuset og/eller universitetet sine maskinar faktisk tilhøyrande sjukehuset og/eller universitetet, så vidt eg har forstått det. Eg laga ein gong ein pasientdatabase for studentar og leikte litt med tanken om å selgja konseptet til universitetet, men sidan eg (tilfeldigvis) hadde brukt deira maskiner når eg laga databasen, fekk eg vita at dei allereie hadde opphavsretten uansett! :) Kan det hende at noko slikt gjeld i Noreg òg? I så fall høyrer vel biletet til sjukehuset :( (eit flott bilete forresten Kjetil!). Bjarte 9. mai 2005 kl. 0742 (UTC)
- Eg trur vel at reglane er noko vage; kven eig maskineriet, er dei i arbeidstida, kva står i kontrakten, etc. Med eit eksplisitt løyve vert alt mykje enklare og klårare. -- Larsivi 9. mai 2005 kl. 0753 (UTC)
- Dette er ikkje kontraktsfesta på dette sjukehuset. Tradisjonen seier at me lagrar anonymiserte pasientbilete i våre eigne databasar. (Gjeld mest lækjarar). Og bruken er opp til oss sjølve. Me krediterar gjerne Universitetets Fototjeneste når det er dei som har teke bileta. Bileta blir bruka i vitskapelege publikasjonar, undervising og liknande. --Ekko 9. mai 2005 kl. 0843 (UTC)
Straumkurve
[endre wikiteksten]Eg har laga straumkurve for flowkurve. Finst det eit betre ord frå før? --Ekko 13. mai 2005 kl. 1951 (UTC)
Bernoullis likning
[endre wikiteksten]Kan nokre kyndige sjå på ein artikkel om Bernoullis likning? --Ekko 13. mai 2005 kl. 1951 (UTC)
Kontrastmiddel
[endre wikiteksten]Det blir sagt at kvaliteten av ultralydbilete (av hjartet) er særs operatøravhengig, men den er vel òg avhengig av apparat og i utgangspunktet av den svake kontrasten mellom blodvæske og muskelvev. Har kontrastmiddel nokon plass i ekkokardiografi? Kan ein i så fall seia noko om dette som ikkje ber preg av reklame for noko middel? Det finst ikkje mange midel på marknaden... --Eddi (Snakk) 13. mai 2005 kl. 2036 (UTC)
- Særs interessant tema. Jau, det er mogeleg å seie noko om dette utan å driva reklame. Men eg må nok lesa meg opp litt før før eg kan skrive noko som held vatn om det. Kanskje ei bolk som heiter Framover? --Ekko 13. mai 2005 kl. 2045 (UTC)
God artikkel
[endre wikiteksten]Eg har som mål at dette skal bli ein God teknologi-artikkel før jul. Men då treng eg hjelp, både med språkleg, logisk og fagleg korrekturlesing. Og fag er ikkje berre medisin, her er mykje fysikk. Innhaldsmessig trur eg berre det er ei lita bolk om ulike transdusarar som manglar. Og kanskje eit bilete av transdusarar. Har nokon synspunkt på omfanget? --Ekko 22:04, 4 september 2007 (CEST)
- Ultralydtransducarar eit eit stort og vidtfavnande fagfelt, så det er vel mest naturleg med ein eigen artikkel om dette? Ser at engelsk Wikipedia har ein artikkel om fasestyrte ultrasoniske antenner, men den er overfladisk. Kva type aktuatorar nyttar ein innan medisinsk ultralyd? et det piezoelectrisk teknologi? GE Vingmed Ultrasound i Horten har mykje ekspertise på dette området.--Sigmundg 22:59, 4 september 2007 (CEST)
- Eg er i den heldige situasjonen at me er betatestarar av programvare for dei, så eg har god tilgjenge til eit breidt spekter av greie ingeniørar o.l. Men det er ikkje altid like greit å omsette frå ingeniørsk til daglegnorsk. Eg sannar òg ofte at det ikkje er svaret som er vanskeleg, men å finne rette spørsmålet. Men det er nok rett å skilje ut ein del av den anvendte fysikken i eigne artiklar. --Ekko 10:34, 5 september 2007 (CEST)
Etter mi meining bør litereraturreferansen merka "Strain rate" skrivast om lag slik:
- Støylen, Asbjørn, Strain rate imaging, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, Det medisinske fakultet, NTNU, Des. 2005.
Er Brukar:Ekko, som er hovudforfattar av artikkelen, samd i det? --Sigmundg 10:07, 13 januar 2008 (CET)
- Burde det ikkje komme tydeleg fram at det er ei internett-side? --Ekko 10:36, 13 januar 2008 (CET)
Slik ser det ut når eg nyttar mal:
- Asbjørn Støylen (2005). «Strain rate imaging». Henta 13.01.2008. Den ukjende parameteren
|månad=
vart ignorert (hjelp)
Det blir vel ikkje betre då? --Ekko 10:45, 13 januar 2008 (CET)
- Nei, dette var ein snodig mal. Eg tykkjer det er enklast slik:[1]
- ↑ Støylen, A., Strain rate imaging, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, Det medisinske fakultet, NTNU, Des. 2005.
- --Sigmundg 12:16, 13 januar 2008 (CET)
- Men noko av poenget er at kjelda skal vera «klikkbar», og då må det vel bli slik?:[1]
- ↑ Støylen, A., Strain rate imaging, Institutt for sirkulasjon og bildediagnostikk, Det medisinske fakultet, NTNU, Des. 2005.
- --Ekko 14:42, 13 januar 2008 (CET)
Straum/spenning
[endre wikiteksten]I avsnittet "Utstyr" står det mellom anna: "Ultralyden blir laga av krystallar som blir sette i vibrasjon av elektrisk straum." Tyder dette at lydtrykket er proporsjonalt med den elektriske straumen som flyt inn i inngangsterminalane? Er ikkje dei fleste ultralydsendarar piezoelektriske og difor spenningsstyrte, (lydtrykket er proporsjonalt med spenninga over inngangsterminalane)?
Det står òg: "...og når reflektert lyd kjem attende blir desse vibrasjonane omdanna attende til straum." Vil ikkje dei fleste ultralydprobene gjev ut ei spenning som er proporsjonal med lydtrykket (låg utgangsimpedans)? --Sigmundg 14:29, 13 januar 2008 (CET)
- Heilt rett! --Ekko 14:38, 13 januar 2008 (CET)
Gele
[endre wikiteksten]Det trengs ei forklaring på kvifor det vert nytta gele mellom proba og lekamen. Eg vil tru at det er for at sendaren skal "sjå inn i" ein spesifikke akustiske impedansen som er om lag den same som for lekamen. Den spesifikke akustiske impedansen til luft (om lag 413 Pa s/m) er mykje mindre enn den spesifikke akustiske impedansen til lekamen (her kjenner eg ikkje verdien). Om det er luft mellom proba og lekamen vil det difor gå ut over verkningsgraden. --Sigmundg 14:42, 13 januar 2008 (CET)
- Riktig igjen. Sjølv om eg trur me skal nytte både ei teknisk riktig og ei norsk og mindre presis forklaring. (Tidlegare er det forresten nytta både matolje og vatn (pasienten medsenkt i vassbad). Ekko 14:48, 13 januar 2008 (CET)
- Dette med vatn og matolje er det interresant å få med. Eg vonar at dei forklarte pasienten kvifor han vart senka ned i matolje.... --Sigmundg 14:55, 13 januar 2008 (CET)
- Nei, det var nok berre vatn ein blei senkt ned i. Men olja skal vistnok ha ført til ein nokså harsk lukt på ekko-lab'en. --Ekko 14:59, 13 januar 2008 (CET)
No slår eg opp i ultralydfysikkboka mi. Her er impedansen ført opp i rayls, som eg i wikipedia ser skal svare til Pa s/m, men det gjer det tydelegvis ikkje: luft er ført opp med 0.0004 X 10^6 rayls (med vatn på 1,48 X 10^6 og vev frå 1,34 til 1,71 X 10^6). Men eg gjer eit forsøk på å skrive ei god forklaring på norsk utan talverdiar, så kan du kanhende sjå over etterpå? --Ekko 10:11, 14 januar 2008 (CET)
- Jau, det stemmer at eininga rayls er det same som Pa s/m. Spesific akustisk impedance z = p/u, der p er lydtrykket [Pa] og u er partikkelhastiheita [m/s] (som er mykje mindre enn lydhastigheita). Men det kan òg visast at z = ρ0c, der ρ0 er tettleiken til mediet [Kg/m3] og c er lydhastigheita i mediet [m/s]. Tettleiken til luft er omlag 1,204 kg/m3 og lydhastigheita er omlag 343 m/s (ved 20 o C), som gir ein spesifik impedans på rundt 413 Pa s/m. I ferskvatn er lydhastigheita rundt 1497 m/s (ved 25 °C) og tettleiken 997 kg/m3, som resulterer i om lag 1.493x106 Pa s/m. Dette stemmer med verdiane dine for luft og vatn, så da er det vel rimeleg at verdiane dine for vev òg stemmer. At verdiane for vev varierer noko tykkjest rimeleg. Det kjem vel litt an på kor «fast i fisken» ein er... --Sigmundg 18:06, 14 januar 2008 (CET)
Impedans
[endre wikiteksten]Det er «spesifikk akustikk impedans» z som er lik p/u = ρ0c. «Akustik impedans» Z = z/S, der S er arealet som trykket verkar på (til dømes arealet av eit røyr). Z er med andre ord trykk over volumhastigheit [Pa s/m3] = [Pa /(m3/s].
I tillegg til z og Z finst det òg noko som heiter strålingsimpedans, men det er trukeg betre å skriva ein eigen artikkel om dei ulike akustiske impedansane. Alt som skal til i denne artikkelen er å sette inn order «spesifisk».
Eg trur òg at det er betre å nytta «partikkelhastigheit» i staden for «farta til partiklane», etter som det er dette uttrykket som vert nytta i faglitteraturn. Så kan vi laga ein stutt artikkel som forklarar kva dette er. --Sigmundg 21:53, 14 januar 2008 (CET)
Data
[endre wikiteksten]Setninga "Dataa synest som ei kurve med fart over tid" i avsnittet "Måling av blodstraum" bør kansje skrivast om. Kva med: "Farten til blodstraumen vert vist som funksjon av tid"?
Fart vert vel som oftast oppfatta som ein skalar storleik, medan hastigheit ofte viser til ein vektor (fast med både talverdi og retning i rommet). I ei blodåre er vel retninga til blodstraumen parallell med blodåra, men i eit hjartekammer treng vel ikkje det å vera tilfellet? Er blodstraumen laminær eller turbulent i hjarta? Kan ein i tilfelle sjå dette? Eg veit ikkje så mykje om dette emnet, men dette er slikt eg ville finna det interresant å lesa om i en slik artikkel. --Sigmundg 19:04, 15 januar 2008 (CET)
- ! Du får seie ifrå når du kjem og hospiterar hos meg. Dette var spørsmål rett på kjerna. Eg trur eg skal svare med å skrive ein underbolk, men kortversjonen er: retninga på blodstraumen er særs ofte uviss. Ved avvik over omlag 6-10% mellom retninga på blodstraumen og ultralydstrålen får me underestimering av farten. På grunn av kvadreringa i Bernoullis likning kan det bli store avvik i trykkestimata ved høg fart. Ja, turbulens lar seg avsløre og er som oftest teikn på at noko er gale. Skil me dette ut i eigne små avsnitt kan dei litt meir uinteresserte fare fort forbi. Ekko 19:23, 15 januar 2008 (CET)
- Ja, ein underbolk høyrest fornuftig ut.--Sigmundg 19:26, 15 januar 2008 (CET)
M-mode
[endre wikiteksten]Metoden blir oftast nytta for å vurdera storleik og arbeid i venstre hovudkammer. Kva for storleik, kva for arbeid? --Bep 20:39, 15 januar 2008 (CET)
- har skrivi litt om. --Ekko 12:04, 16 januar 2008 (CET)
«Dei siste åra» under 3D bør tidfestast betre, om mogleg. Då kan ein skrive ut artikkelen, legge han i ein skuff, og nyte han med ein kopp tarete i 2030 også. --Ranveig 16:04, 16 januar 2008 (CET)
Historie
[endre wikiteksten]Det burde vore med noko om den utviklinga av medisinskultralyd som har skjedd på NTNU/NTH og St. Olavs hospital