Diatomé
Utsjånad
Diatomer | |
Systematikk | |
Domene: | Eukarya |
Rike: | Protista |
Rekkje: | Heterokontophyta |
Klasse: | Diatomer Diatomea Dumortier, 1821 |
Ein diatomé (fleirtal diatomear) eller ein kiselalge er ein mikroskopisk eukaryot alge. Dei fleste av dei er eincella, men somme kan danna kjeder eller enkle koloniar. Diatoméceller er kjenneteikna av å ha ein unik cellevegg av kisel. Slike celler kan vera særs mangfaldige, men består som regel av to asymmetriske sider med ein sprekk mellom. Fossil tyder på at dei dukka opp seinast i juratida.