Hopp til innhald

Dettifoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dettifoss
foss
Dettifoss
Land  Island
Område Nordaust på Island
Del av Jökulsá á Fjöllum, Diamond Circle
Fossetype Blokk
Elv Jökulsá á Fjöllum
Totalt fall 44 m
 •  Midla breidd 100 m
Middelvassføring 200 /s
Tal på fall 1
Kart
Dettifoss
65°49′19″N 16°23′17″W / 65.821919444444°N 16.388169444444°W / 65.821919444444; -16.388169444444
Wikimedia Commons: Dettifoss

Dettifoss er ein foss nordaust på Island, ikkje langt frå Mývatn. Han er ein del av elva Jökulsá á Fjöllum, som renn frå isbreen Vatnajökull og samlar vatn frå eit stort område nordaust på Island. Han har rykte på seg for å vere den kraftigaste fossen i Europa og har ei middelvassføring på 200 m³/s. Største målte vassføring er derimot på 420 m³/s, noko ein kan få i samband med is- og snøsmelting på sumaren. Fallet er 100 meter breitt og 44 meter høgt ned i gjelet Jökulsárgljúfur.

Dettifoss ligg i nasjonalparken Jökulsárgljúfur.

Musikkstykket 'Dettifoss' (Op.57) av Jón Leifs er inspirert av denne fossen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dettifoss frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • http://www.world-waterfalls.com/waterfall.php?num=157 Arkivert 2008-12-23 ved Wayback Machine.
  • Leffman, David; and Proctor, James (2004). The Rough Guide To Iceland, Rough Guides, 281. ISBN 1-84353-289-1.