Krimhalvøya
- Må ikkje forvekslast med Republikken Krim.
Den autonome republikken Krim | |||
Krimhalvøya Автономная Республика Крым Автономна Республіка Крим Qırım Muhtar Cumhuriyeti | |||
autonom republikk | |||
|
|||
Motto: Процветание в единстве (russisk) Protsvetanie v yedinstve (transliteration) «Velstand i samhald» | |||
Land | Ukraina, Russland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Simferopol | ||
Areal | 27 000 km² | ||
Folketal | 2 340 921 (2017) | ||
Erklært | 18. oktober 1921 | ||
• Avskaffa | 30. juni 1945 | ||
• Gjenoppretta | 12. februar 1992 | ||
• Grunnlov | 21. oktober 1998 | ||
Språk | Ukrainsk, russisk (de facto), krimtatarsk | ||
Retningsnummer | +380 | ||
Krimhalvøya 45°N 34°E / 45°N 34°E | |||
Plasseringa til Krimhalvøya (raud) i Ukraina (kvit).
| |||
Wikimedia Commons: Crimea |
Krim, Krimhalvøya eller Den autonome republikken Krim[a] er ei halvøy i Svartehavet. Både Ukraina og Russland hevdar Krimhalvøya høyrer dei til. Russiske styresmakter har sidan mars 2014 hatt den faktiske kontrollen over halvøya.[1]
Hovudstaden på Krimhalvøya er Simferopol som ligg sentralt på halvøya. Krimhalvøya dekkjer 27 000 km² og har kring 2,3 millionar innbyggjarar (2017).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Krim er ei 26 000 km² stor halvøy nord i Svartehavet. Det einaste fastlandssambandet er over Perekopeidet i nord. Mot aust strekkjer den lange Kertsjhalvøya seg mot Kertsjsundet, som skil Asovhavet frå Svartehavet.
Landskapet i nord består av stepper, og i sør hever Krimfjella seg opp til 1 545 moh. som vernar kysten mot nordlege vinder og har rikelig nedbør og frodig skog. Klimaet er mildt i sør og vegetasjonen subtropisk med dyrking av oliven, morbær og sypress.
I Jalta er middeltemperaturen i dei kaldaste månadane (januar og februar) 3,5 °C, i dei varmaste månedane (juli, august) 24 °C.
Viktige byar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Historie
[endre | endre wikiteksten]Krimhalvøya har vorte erobra og kontrollert mange gonger gjennom historia. Kimmeriarar, grekarar, skytiarar, gotarar, hunarar, bulgarar, khasarar, Kiev-riket, bysantiske grekarar, kiptsjakar, osmanske tyrkarar, Den gylne horden og mongolar har alle kontrollert Krimhalvøya i den tidlege historia. På 1200-talet vart ho delvis kontrollert av Republikken Venezia og Republikken Genova. Dei vart etterfølgd av Krim-khanatet og Det osmanske riket på 1400- til 1700-talet. Frå 1400-talet av var Krim-khanatet, ein arvtakar etter det mongolsk-tatarske riket, ein vasallstat under det ottomanske riket. I 1783 vart halvøya erobra av Det russiske imperiet. Etter den russiske revolusjonen vart Krim ein autonom sovjetrepublikk i Den russiske føderasjonen. Nazi-Tyskland okkuperte området under andre verdskrigen frå 1941 til 1945.
Då halvøya vart gjenerobra av Sovjetunionen, vart krimtatarane deporterte til Sibir og Sentral-Asia. Først i 1989 fekk dei lov å venda attende til Krim. I 1954 vart Krim overført frå Den russiske sovjetrepublikken (Russisk SSR) til Den ukrainske sovjetrepublikken (Ukrainsk SSR). I 1991 fekk Krim status som ein autonom republikk under Ukraina, men då Ukraina vart sjølvstendig same året, var det mange som ynskte å lausriva Krim frå Ukraina, og bli ein del av Russland. Denne rørsla fekk ikkje støtte frå dei russiske styresmaktene, og halvøya vart verande ein del av Ukraina, men med særskilt autonom status.
Uro i 2014-2015
[endre | endre wikiteksten]Etter endringa i det ukrainske styret i 2014 kom det til uro og ein svært spent situasjon i mars då Russland godkjente bruk av militær makt på halvøya for å sikre russiske interessar. Russiske og russisklojale soldatar overtok fleire sentrale funksjonar på halvøya. Russland annekterte etter kvart halvøya. Statusen til Krim var uklår lenge,[2] men i juli 2015 erklærte statsminister Dmitrij Medvedev av republikken Krim var fullt ut integrert i Russland.[3]
Innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]Då Krim vart ein del av det russiske imperiet på 1700-talet var det store fleirtalet av innbyggjarane muslimske krimtatarar. Desse utgjorde i 2001 ein minoritet på 12,1 %. Fleirtalet, 58,3 % var russarar, og 24,3 % ukrainarar.
Krimtatarar er ein etnisk minoritet som utgjer kring 13 % av folkesetnaden og som oppstod på Krimhalvøya seint i mellomalderen etter at Krim-khanatet oppstod. Krimtatarane vart tvangsflytta til Sentral-Asia av Josef Stalin. Etter at Sovjetunionen fall, flytta somme krimtatarar attende til regionen.[4] Det bur framleis mange russarar på halvøya og russisk har derfor status som offisielt språk i republikken.
Demografisk utvikling
[endre | endre wikiteksten]Etnisitet | 1897 | 1939 | 1989 | 2001 |
---|---|---|---|---|
Krimtatarar | 35,6 | 19,4 | 1,6 | 12,1 |
Russarar | 33,1 | 49,6 | 67,1 | 58,3 |
Ukrainarar | 11,8 | 13,7 | 25,8 | 24,3 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ukrainsk Автономна Республіка Крим, Avtonomna Respublika Krym; russisk Автономная Республика Крым, Avtonomnaya Respublika Krym; krimtatarisk Qırım Muhtar Cumhuriyeti, Къырым Мухтар Джумхуриети
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ukraine crisis timeline - BBC
- ↑ Dagbladet - Må bare se på at Krim blir annektert (1.3.2014)
- ↑ https://sputniknews.com/russia/20140411189160173-Russia-Amends-Constitution-to-Include-Crimea-Sevastopol/
- ↑ Pohl, J. Otto. The Stalinist Penal System: A Statistical History of Soviet Repression and Terror. Mc Farland & Company, Inc, Publishers. 1997. 23.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Crimea» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.