Hopp til innhald

Deep Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deep Blue

ProdusentIBM
Typesuperdatamaskin, chess computer, one-of-a-kind computer
UtviklarIBM

Deep Blue var ei datamaskin som blei utvikla av IBM med tanke på å spele sjakk. Ho var den første datamaskina som vann eit sjakkparti mot ein regjerande verdsmeister (Garri Kasparov). Maskina vann det første partiet 10. februar 1996, men Kasparov kom tilbake og vann til slutt 4–2. Etter dette blei Deep Blue kraftig oppgradert, og spelte mot Kasparov igjen i mai 1997. Denne gongen vann maskina til slutt 3,5–2,5.

Deep Blue-prosjektet blei starta under namnet «ChipTest» av Feng-hsiung Hsu ved Carnegie Mellon University i Pittsburgh i Pennsylvania. Hsu hadde byrja å arbeide for IBM i 1989, og jobba saman med Murray Campbellparallelle beregningar. Systemet fekk etter kvart namnet «Deep Thought» – etter namnet på datamaskina i boka The Hitchhiker's Guide to the Galaxy – men fekk til slutt altså namnet Deep Blue.

Deep Blue baserte seg i hovudsak på rå reknekraft. Maskina var utstyrt med spesialprosessorar rekna på sjakkspeling, mens programvaren var laga ved hjelp av programmeringsspråket C, og køyrde under operativsystemet AIX.

Maskina var i stand til å evaluere kring 200 millionar posisjonar på sjakkbrettet i sekundet, i tillegg til at ho var i stand til å lære sjølv, ved å analysere tusenvis av større sjakkparti spelt av profesjonelle utøvarar. På toppen av dette var stormeisteren Joel Benjamin også med på å finjustere systemet ytterlegare.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]