Hopp til innhald

Christian Almer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Almer

Statsborgarskap Sveits
Fødd 29. mars 1826
Grindelwald
Død

17. mai 1898 (72 år)
Grindelwald

Yrke fjellfører
Christian Almer på Commons

Christian Almer (fødd 29. mars 1826 i Grindelwald, død 17. mai 1898 i Grindelwald) var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange høge fjelltoppar i Vest-Alpane i perioden 1857-84.

Saman med Melchior Anderegg vert han rekna som ein av dei legendariske fjellførarane av si tid. Hans tenester vart søkt av leiande fjellklatrarar som til dømes Edward Whymper, W.A.B. Coolidge, Adolphus Moore, Leslie Stephen, Gottlieb Samuel Studer og Francis Fox Tuckett.

Almer gav hunden Tschingel til den 17 år gamle Coolidge etter eit mislukka forsøk på å nå toppen av Eiger.

Også sonen Ulrich Almer (1849–1940) var i si tid ein velkjend fjellførar.

Fyrstebestigingar

[endre | endre wikiteksten]