Chris Rainbow
Chris Rainbow | |||
| |||
Fødd | 18. november 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow i Skottland | ||
Død | 22. februar 2015 (68 år) | ||
Dødsstad | Isle of Skye i Skottland | ||
Fødenamn | Christopher James Harley | ||
Alias | Christopher Rainbow | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1971–2015 | ||
Sjanger | Poprock, ambient | ||
Instrument | tangentinstrument, vokal | ||
Tilknytte artistar | Alan Parsons Project, Runrig, Camel | ||
Plateselskap | EMI, Polydor, Vital Spark Music | ||
Verka som | Songar, plateprodusent, låtskrivar |
Christopher James Harley, kjend under scenenamnet Chris Rainbow (18. november 1946–25. februar 2015), var ein skotsk[1][2] songar og musikar[3] som hadde to hittar med songane «Give Me What I Cry For» og «Solid State Brain» i 1970-åra
I tillegg til solokarrieren sin var han vokalist og arrangør for mange rockeband og soloartistar. I seinare tid eigde han sitt eige studio og arbeidde som produsent.
I 1972 og 1973 var Rainbow involvert i bandet Hopestreet, før han byrja å spele inn solomateriell. Han gav ut tre soloalbum, Home of the Brave i 1975, Looking Over My Shoulder i 1977 og White Trails i 1979. I 1979 byrja Rainbow som medlem i The Alan Parsons Project og tidleg i 1980-åra vart han medlem av Camel, og var med på albuma The Single Factor og Stationary Traveller.
Som produsent har Rainbow produsert fleire album for det skotsk-gæliske rockebandet Runrig.[1]
Han døydde i 2015 etter å ha slite i lengre tid med Parkinsons sjukdom.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chris Rainbow» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Biography: Chris Rainbow». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 6. februar 2012. Henta 26. februar 2015.
- ↑ . «Chris Rainbow, Singer With Alan Parsons Project and Camel, Dies». Ultimateclassicrock.com. Henta 10. november 2019.
- ↑ Borack, John M. (2007). Shake some action: the ultimate power pop guide. Shake Some Action – PowerPop. s. 184–. ISBN 978-0-9797714-0-8. Henta 10. november 2019.
- ↑ Michael Russell, «Tributes paid to Skye musician and producer,» Arkivert 2019-07-15 ved Wayback Machine. West Highland Free Press, 9. mars 2015, henta 27. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Chris Rainbow biography
- Chris Rainbow-diskografi på Discogs