Chris Blackwell
Chris Blackwell | |||
| |||
Fødd | 22. juni 1937 (87 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Westminster i London i England | ||
Fødenamn | Christopher Percy Gordon Blackwell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1959 | ||
Sjanger | Rock, reggae | ||
Plateselskap | Island | ||
Verka som | Plateprodusent Forretningsmann | ||
Mor | Blanche Blackwell | ||
Prisar | Grammy Trustees Award, Musgrave Medal, MOJO Awards, Polar Music Prize, Jamaicaordenen, Rock and Roll Hall of Fame |
Christopher Percy Gordon Blackwell (fødd 22. juni 1937) er ein engelsk forretningsmann og tidlegare plateprodusent. Han skipa Island Records, som er blitt kalla «eit av dei viktigaste, sjølvstendige plateselskapa i Storbritannia».[1] I følgje Rock and Roll Hall of Fame, som Blackwell vart innlemma i i 2001, er det «ingen andre enn han som har gjort så mykje for å få verda hekta på reggae.»[2]
Han skipa Island Records på Jamaica den 22. mai 1959, like før han fylte 22, og Blackwell var blant dei første som spelte inn den jamaicansk popmusikken som kom til å bli kjend som ska. Då han kom attende til Storbritannia i 1962, selde han plater frå bilen sin til det jamaicanske samfunnet.[1]
Med støtte frå Stanley Borden frå RKO, voks forretningane til Blackwell stadig, og han var med å forme karrierane til Bob Marley, Grace Jones og U2 blan mange andre. Han produsert mange kjende album, som Marley sine Catch A Fire og Uprising,[3] og debtualbumet til The B-52's i 1979.
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- Dr. No (1962) - handlangar som hoppar frå ein kai og ut i vatnet (ikkje oppført)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chris Blackwell» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Perry, Andrew (20 May 2009). «Chris Blackwell interview: Island Records». The Daily Telegraph (UK). Henta 28 May 2010.
- ↑ «Chris Blackwell Biography». The Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen 29. juni 2010. Henta 28 May 2010.
- ↑ Hagerman, Brent (February 2005). «Chris Blackwell: Savvy Svengali». Exclaim.ca. Arkivert frå originalen 27. april 2012. Henta 29. desember 2010.