Hopp til innhald

Catinacciofjella

Koordinatar: 46°30′N 11°40′E / 46.500°N 11.667°E / 46.500; 11.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catinacciofjella
fjell
Catinaccio sett frå Bolzano
Land  Italia
Område Sør-Tyrol
Fjellkjede Dolomittane
Høgd 3 002 moh.
Førstestiging 1873
Koordinatar 46°30′N 11°40′E / 46.500°N 11.667°E / 46.500; 11.667
Kart
Catinacciofjella
46°28′00″N 11°39′00″E / 46.466666666667°N 11.65°E / 46.466666666667; 11.65
Wikimedia Commons: Rosengarten group

Catinacciofjella (tysk Rosengarten) er ei fjellkjede i Dolomittane i Sør-Tyrol i Italia med ei høgd på 3 002 meter over havet. Ho ligg mellom Tires (Tiers), Val d'Ega (Eggental) og Fassadalane, om lag 10 km aust for Bolzano.

På grunn av dolomittmineral får Catinaccio ein rosa nyanse i solnedgang. Dette er opphavet til det tyske namnet, Rosengarten eller Rosehage, på fjella.

Den høgaste fjelltoppen er Catinaccio d'Antermoia (Kesselkogel) på 3 002 meter over havet: Andre fjelltoppar er:

  • Cima Catinaccio (Rosengartenspitze) - 2 981 m
  • Torri del Vajolet (Vajolet-Türme) - 2 813 m
  • Croda di Re Laurino (Laurinswand) - 2 813 m
  • Cima Sforcella (Tscheiner-Spitze) - 2 810 m
  • Roda di Vaèl (Rotwand) - 2 806 m
  • Croda Davoi (Teufelswand) - 2 727 m