Byrds av The Byrds
Byrds Studioalbum av The Byrds | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. mars 1973 | |
Innspelt | 16. oktober – 15. november 1972 | |
Studio | Wally Heider's Studio 3 i Los Angeles | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 34:54 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | David Crosby | |
The Byrds-kronologi | ||
---|---|---|
The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II (1972) |
Byrds | History of The Byrds (1973)
|
Singlar frå Byrds | ||
|
Byrds er det tolvte og siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i mars 1973 på Asylum Records.[1] Albumet vart spelt inn av dei fem originale medlemmene i The Byrds som nettopp var blitt gjenforeint:Roger McGuinn, Gene Clark, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke.[2] Den siste gongen alle fem medlemmene hadde arbeida i lag som The Byrds var i 1966, før Gene Clark forlet bandet.[3] Under gjenforeininga spelte framleis den nyare utgåva av The Byrds konsertar fram til februar 1973, med McGuinn som det einaste medlemmet i begge utgåvene.[4][5]
Albumet fekk generelt dårleg kritikk då det kom ut, og mange kritikarar peikte på mangelen på musikalsk samkjensle og mangelen på den klingande gitaren som hadde prega albuma deira då dei spelte i lag sist.[2][6] Likevel nådde albumet 20. plass på den amerikanske albumlista og 31. plass i Storbritannia.[7][8] I USA var dette den høgaste plasseringa dei hadde hatt med eit album sidan Turn! Turn! Turn! i 1965, som òg var det førre albumet der Clark var med heile vegen.[9] Tre av songane på albumet, «Full Circle», «Things Will Be Better» og «Cowgirl in the Sand» vart gjevne ut som singlar i 1973, men ingen av desse gjorde det særleg bra.[1][10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Full Circle» (Gene Clark) | 2:43 |
2. | «Sweet Mary» (Roger McGuinn, Jacques Levy) | 2:55 |
3. | «Changing Heart» (Gene Clark) | 2:42 |
4. | «For Free» (Joni Mitchell) | 3:50 |
5. | «Born to Rock 'n' Roll» (Roger McGuinn) | 3:12 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Things Will Be Better» (Chris Hillman, Dallas Taylor) | 2:13 |
7. | «Cowgirl in the Sand» (Neil Young) | 3:24 |
8. | «Long Live the King» (David Crosby) | 2:17 |
9. | «Borrowing Time» (Chris Hillman, Joe Lala) | 2:00 |
10. | «Laughing» (David Crosby) | 5:38 |
11. | «(See the Sky) About to Rain» (Neil Young) | 3:49 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «She's the Kind of Girl» (Gene Clark) | 3:00 |
13. | «One in a Hundred» (Gene Clark) | 2:45 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- The Byrds
- Roger McGuinn – gitar, banjo, Moog synthesizer, vokal
- Gene Clark - gitar, munnspel, tamburin, vokal
- David Crosby - gitar, vokal
- Chris Hillman – elektrisk bass, gitar, mandolin, vokal
- Michael Clarke – trommer, congatrommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Wilton Felder - elektrisk bass på «Cowgirl in the Sand»
- Johnny Barbata - trommer på «Cowgirl in the Sand»
- Dallas Taylor - congatrommer, tamburin
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 542–547. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ 2,0 2,1 «Byrds album review». Allmusic. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Sippel, John. (29. juli 1972), «Byrds To Cut An Album For Asylum», Billboard (Los Angeles)
- ↑ Fricke, David (2000). Plateomslagstekst for Farther Along av The Byrds [CD booklet]. Columbia/Legacy.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 293. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 349–353. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 122. ISBN 0-89820-147-0.
- ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ «Byrds». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 316–321. ISBN 1-90600-215-0.
- Denne artikkelen bygger på «Byrds (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X
- Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
- Einarson, John, Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of the Byrds' Gene Clark, Backbeat Books, ISBN 0-87930-793-5.