Bradley's Barn
Bradley's Barn Studioalbum av The Beau Brummels | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Studio | Bradley's Barn i Mt. Juliet i Tennessee | |
Sjanger | Folkrock, countryrock, poprock | |
Lengd | 32:12 | |
Selskap | Warner Bros.-Seven Arts | |
Produsent | Lenny Waronker | |
The Beau Brummels-kronologi | ||
---|---|---|
Triangle (1967) |
Bradley's Barn | The Beau Brummels (1975)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
American Songwriter | [2] |
Bradley's Barn er det femte studioalbumet til det amerikanske rockbandet The Beau Brummels, utgjeve i oktober 1968. Det inneheld singlane «Long Walking Down to Misery» og «Cherokee Girl». Albumet vart kritikarrost og rekna som eit tidleg døme på countryrock.[3][4] Bradley's Barn er i røynda eit platestudio i Nashville, eigd av Owen Bradley.
Innspling
[endre | endre wikiteksten]I 1968 hadde bassisten Ron Meagher slutta i The Beau Brummels då han vart innkalla til militærteneste, og bandet var då redusert til ein duo som bestod av solovokalisten Sal Valentino og komponisten og gitaristen Ron Elliott.[4] Dei arbeidde på eit nytt album i Bradley's Barn[5] og fekk med seg kjende studiomusikarar frå Nashville, som Kenny Buttrey, trommeslagar for Bob Dylan i 1966–1969, og gitaristen Jerry Reed.[4] The Beau Brummels var så nøgd med resultatet i studioet at dei kalla albumet Bradley's Barn.[6] I følgje Elliott var ikkje stilen så forskjellig frå det førre albumet deira, Triangle, berre med meir preg av country.[4]
The Beau Brummels vart oppløyst kort tid etter albumet var ferdig, men dei kom saman att ein kort periode i 1975.[7] The Everly Brothers spelte inn songen «Turn Around» i 1968 på albumet Roots, der Elliott arbeidde som arrangør.[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Turn Around» | Bob Durand, Elliott | 3:03 |
2. | «An Added Attraction (Come and See Me)» | Valentino | 3:03 |
3. | «Deep Water» | Elliott, Valentino | 2:33 |
4. | «Long Walking Down to Misery» | Elliott | 3:16 |
5. | «Little Bird» | Elliott | 2:42 |
6. | «Cherokee Girl» | Durand, Elliott | 3:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «I'm a Sleeper» | Elliott, Valentino | 3:20 |
8. | «Loneliest Man in Town» | Elliott | 1:54 |
9. | «Love Can Fall a Long Way Down» | Durand, Elliott | 4:16 |
10. | «Jessica» | Elliott, Valentino | 2:22 |
11. | «Bless You California» | Randy Newman | 2:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Lift Me» | 2:41 |
13. | «I Love You Mama» (alternativ versjon) | 2:22 |
14. | «Just A Little Bit Of Lovin'» (Demo) | 3:09 |
15. | «Tan Oak Tree» | 2:30 |
16. | «Another» | 2:58 |
17. | «High There» | 2:59 |
18. | «Black Crow» (Demo - Stereo Mix) | 2:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Deep Water» (alternativ versjon) | 3:23 |
2. | «Love Can Fall A Long Way Down» (alternativ miks) | 4:28 |
3. | «Jessica» (alternativ versjon) | 2:25 |
4. | «Bittersweet» | 2:48 |
5. | «I'll Be Your Baby Tonight» (alternativt opptak) | 3:01 |
6. | «Long Black Veil» | 4:21 |
7. | «Lift Me» (alternativt opptak) | 2:26 |
8. | «42nd Street» (oppført som Lionel Reeves & Stella Parker) | 1:36 |
9. | «Another» (Alternate Demo) | 3:20 |
10. | «Confessions» (Demo) | 4:16 |
11. | «An Added Attraction (Come And See Me)» (alternativ versjon; framført av Sal Valentino) | 4:31 |
12. | «A Little At A Time» (framført av Sal Valentino) | 2:54 |
13. | «Down In The Flood» (framført av Sal Valentino) | 3:40 |
14. | «Home Of The Blues» (framført av Sal Valentino) | 3:13 |
15. | «Alligator Man» (framført av Sal Valentino) | 2:39 |
16. | «Silkie» (framført av Sal Valentino) | 3:10 |
17. | «A Song For Rochelle» (framført av Sal Valentino) | 4:49 |
18. | «Friends And Lovers» (framført av Sal Valentino) | 2:46 |
19. | «Radio Interview» (opphavleg sendt på San Francisco's KMPX-FM i oktober 1968) | 11:31 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Briggs – klaverinstrument
- Kenny Buttrey – trommer
- Ron Elliott – gitar, vokal
- Norbert Putnam – bass
- Jerry Reed – gitar
- Sal Valentino – vokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bradley's Barn» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Greenwald, Matthew. Bradley's Barn review - Allmusic.com.
- ↑ Bradley's Barn review[daud lenkje]. American Songwriter.
- ↑ Greenwald, Matthew. ««Turn Around» - Song Review». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Unterberger, Richie (2000). Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco: Miller Freeman, Inc. s. 180–181. ISBN 978-0-87930-616-8.
- ↑ «Billboard Album Reviews». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 80 (45): 42. 9. november 1968. Henta 22. oktober 2020.
- ↑ Otfinoski, Steven (1998). The Golden Age of Rock Instrumentals. New Yorl: Billboard Books (Nielsen Business Media, Inc.). s. 170. ISBN 978-0-8230-7639-0.
- ↑ March, Jeff; Childs, Marti (1999). Echoes of the Sixties. New York: Billboard Books (Nielsen Business Media, Inc.). s. 157. ISBN 978-0-8230-8316-9.
- ↑ «Roots - Credits». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020.