Bosnia-Hercegovina i Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
(1998–i dag) | |||||
(1993–1997) | |||||
Offisielt | Bosnia and Herzegovina, Bosnia-Herzegovina, Bosnia Herzegovina, Bosnia and Herzegovina | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1993 | ||||
Deltakingar | 18 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 2 (2006) | ||||
Finalen | 3 (2006) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 11 (2016) | ||||
Finalen | 22 (1996) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 946 | ||||
Finalane | 1 242 | ||||
Totalt | 2 188 |
Bosnia-Hercegovina debuterte i Eurovision Song Contest i 1993 og har delteke til saman 19 gongar. Frå 1961 til 1991 deltok landet i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, og i 1993 debuterte Bosnia-Hercegovina som sjølvstendig nasjon etter å ha komme på andreplass i kvalifiseringsrunda Kvalifikacija za Millstreet. Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men har ein tredjeplass fra 2006 som beste plassering. Sidan 2012 har Bosnia-Hercegovina berre delteke éin gong, i 2016. Fråværet skuldast hovudsakleg økonomiske problem i den bosniske allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine (BHRT).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Fram til byrjinga av 1990-åra var Bosnia-Hercegovina eun del av Jugoslavia, som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, dåverande Republikken Makedonia og Bosnia-Hercegovina sjølvstende frå Jugoslavia.
Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.
Dramatisk debut
[endre | endre wikiteksten]I 1993 melde Bosnia-Hercegovina seg på Eurovision Song Contest saman med seks andre land frå den tidlegare Austblokka. For å halde deltakartalet nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) at dei sju nye landa måtte gjennom ein eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringen ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Bosnia-Hercegovina vart nummer to i kvalifiseringen og sikra seg ein plass i finalen i 1993.
Dei fyrste deltakingene til Bosnia-Hercegovina var prega av den blodige krigen som herja i landet i 1990-åra. Landets fyrste deltakar, Fazla, og resten av den bosniske delegasjonen måtte på dramatisk vis ta seg ut av Sarajevo for å kunne komme til Irland. Sarajevo var på denne tida under kringsetjing. Under avrøystinga i Eurovision Song Contest same år måtte arrangørane bruke satellittsamband for å få kontakt med den bosniske juryen, sidan telefonnettet var nede i store delar av landet. Då dei fekk kontakt med den bosniske juryen, vart den bosniske juryen møtt med varm applaus frå publikum.[1]
Under Eurovision Song Contest i Dublin i 1994 vart dei bosniske artistane Alma og Dejan møtt med overveldande jubel og applaus frå publikum. Applausen var så langvarig og kraftig at Denjan ikkje høyrde at orkesteret hadde byrja å spele.[2] Også då den bosniske juryen vart kalla opp under avrøystinga, var applausen så øyredøyvande at programleiaren måtte be poengopplesaren Diana Grković-Foretić lese opp røystene frå start igjen. Noko liknande skjedde også under tevlinga i 1995.[3]
Etter starten
[endre | endre wikiteksten]Sidan debuten og fram til 2012 var Bosnia-Hercegovina ein trofast deltakar i Eurovision Song Contest, men landet måtte stå over i 1998 og 2000. Årsaka var dårlege plasseringar åra før.
I åra 2013–2015 deltok heller ikkje Bosnia-Hercegovina i tevlinga, på grunn av økonomiske problem hos allmennkringkastaren Radiotelevizija Bosne i Hercegovine. Landet kom tilbake i 2016, men har stått over Eurovision Song Contest sidan 2017 på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen i BHRT.[4] Kringkastaren skyldar EBU over 3 millioner euro og vart i 2017 utestengd frå å deltake i EBUs tevlingar og distribusjonsnettverk for nyheiter og idrett.[5] Kringkastaren jobbar med å tilbakebetale gjelda, med ein mogleg retur til Eurovision Song Contest tidlegast i 2020.[6]
Bosnia-Hercegovina har aldri vunne Eurovision Song Contest, men den beste plasseringa til landet kom i 2006, då gruppa Hari Mata Hari kom på tredjeplass med songen «Lejla». Det dårlegaste resultatet kom i Oslo i 1996, då Bosnia-Hercegovina ble nummer 22 av 23. I 2016 gjekk ikkje Bosnia-Hercegovina vidare til finalen, då dei vart nummer 11 i sin semifinale.[7]
Bidraga
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
1993 | Fazla | «Sva bol svijeta» | Bosnisk | 27 | 16 | 52 | 2 |
1994 | Alma og Dejan | «Ostani kraj mene» | Bosnisk | 39 | 15 | Ingen semifinalar | |
1995 | Davorin Popović | «Dvadeset prvi vijek» | Bosnisk | 14 | 19 | ||
1996 | Amila Glamočak | «Za našu ljubav» | Bosnisk | 13 | 22 | 29 | 22 |
1997 | Alma Čardžić | «Goodbye» | Bosnisk | 18 | 22 | Ingen semifinalar | |
1998 | Deltok ikkje | ||||||
1999 | Dino og Béatrice | «Putnici» | Bosnisk og fransk | 86 | 7 | ||
2000 | Deltok ikkje | ||||||
2001 | Nino Pršeš | «Hano» | Bosnisk og engelsk | 29 | 14 | ||
2002 | Maja Tatić | «Na jastuku za dvoje» | Serbisk og engelsk | 33 | 13 | ||
2003 | Mija Martina | «Ne brini» | Kroatisk og engelsk | 27 | 16 | ||
2004 | Deen | «In the Disco» | Engelsk | 91 | 9 | 133 | 7 |
2005 | Feminnem | «Call Me» | Engelsk | 79 | 14 | Direktekvalifisert | |
2006 | Hari Mata Hari | «Lejla» | Bosnisk | 229 | 3 | 267 | 2 |
2007 | Marija Šestić | «Rijeka bez imena» | Serbisk | 106 | 11 | Direktekvalifisert | |
2008 | Laka | «Pokušaj» | Bosnisk | 110 | 10 | 72 | 9 |
2009 | Regina | «Bistra voda» | Bosnisk | 106 | 9 | 125 | 3 |
2010 | Vukašin Brajić | «Thunder and Lightning» | Engelsk | 51 | 17 | 59 | 8 |
2011 | Dino Merlin | «Love in Rewind» | Engelsk og bosnisk | 125 | 6 | 109 | 5 |
2012 | Maya Sar | «Korake ti znam» | Bosnisk | 55 | 18 | 77 | 6 |
Deltok ikkje 2013 – 2015 | |||||||
2016 | Dalal og Deen med Ana Rucner og Jala | «Ljubav je» | Bosnisk | Ikkje kvalifisert | 104 | 11 |
- Resultata frå semifinalane i 1993 og 1996 er ikkje offisielt godkjend av Den europeiske kringkastingsunionen, og var berre med på å avgjere kva for land som fekk delta i Eurovision Song Contest.
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]Finalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Semifinalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Marija Šestić i Helsingfors 2007
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kohn, Marek (1. mai 1993). «Arts: Would you risk your life for Eurovision?: Bosnia-Herzegovina's entry for Eurovision brings the chill of war to bubblegum pop». The Independent.
- ↑ «Eurovision 1994 Bosnia-Herzegovina (framføring fra finalen)». EBU/RTÉ via YouTube. 21. juli 2010. Henta 4. desember 2016.
- ↑ Paul Jordan (8. februar 2012). «Make Love not War at Eurovision». ESC Insight. Henta 4. desember 2016.
- ↑ Sanjay (Sergio) Jiandani (17. november 2014). «Bosnia & Herzegovina: BHRT will not return to Eurovision in 2015». esctoday.com. Henta 30. november 2016.
- ↑ «Bosnia & Herzegovina: BHRT Barred From Competing in Eurovision Contests - Eurovoix». Eurovoix (på engelsk). 25. mai 2018. Henta 27. mai 2018.
- ↑ Granger, Anthony (29. desember 2018). «Bosnia & Herzegovina: Eurovision Participation Dependent on Resolving Funding Issues at BHRT». Eurovoix (på engelsk). Henta 29. desember 2018.
- ↑ «Bosnia & Herzegovina – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 30. november 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Bosnia-Herzegovina i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juni 2021.