Boris Stenin
Boris Stenin | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen |
Fødd | 17. januar 1935 Jekaterinburg |
Død |
18. januar 2001 (66 år) |
Yrke | skøyteløpar, skøytetrener |
Språk | russisk |
Høgd | 171 centimeter |
Ektefelle | Valentina Stenina |
Boris Stenin på Commons |
Boris Andrianovitsj Stenin (17. januar 1935–18. januar 2001) var ein russisk skeiseløpar frå Sverdlovsk som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i 1960 og kom på andreplassen i europameisterskapen same vinteren.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Stenin meisterskapsdebuterte i EM 1959 i Göteborg, der han enda på sjuandeplassen. OL-sesongen 1960 vart hans store sesong. Det tok til med siger i sovjetmeistermeisterskapen og heldt fram med andreplass ved EM 1960 på Bislett stadion i Oslo, der han var sjanselaus mot norske Knut Johannesen. Fjorten dagar seinare var han derimot heilt suveren då VM 1960 fann stad i Davos, sigersmarginen vart til sist på over 2,7 tidspoeng. Særleg imponerte han på 1500 meter, der han slo nestemann med 2,7 sekund. Han vart då den største favoritten på 1500 m under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men enda med bronsen på distansen, eit heilt sekund bak gullvinnarane, landsmannen Jevgenij Grisjin og Roald Aas frå Noreg.
Etter å hamna litt lågare på resultalistene ved meisterskapane i 1961, var Stenin med i kampen om laurbærkransane ved EM 1962 og VM same året. Under EM i Oslo fekk han bronseplassen, medan han enda utanfor pallen med fjerdeplass i VM 1962.
Stenin var trenar for det sovjetiske kvinnelandslaget frå 1973 til 1984. Han var gift med Valentina Stenina, trefaldig verdsmeister på skeiser.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- (en) Boris Stenin – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Denne artikkelen bygger på «Boris Stenin» frå Wikipedia på nederlandsk, den 23. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1935
- Døde i 2001
- Sovjetiske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1960
- Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1960
- Skeiseløparar under vinter-OL 1960
- Vinnarar av Oscarstatuetten
- Folk frå Jekaterinburg