Birger Motzfeldt
Birger Motzfeldt | |
Birger Motzfeldt til høgre, i samtale med Hjamar Riiser-Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. februar 1898 Nesna kommune |
Død |
3. september 1987 (89 år) |
Yrke | flygar |
Ektefelle | Benny Motzfeldt |
Birger Fredrik Motzfeldt (22. februar 1898–3. september 1987) var ein norsk flygar og offiser, fødd i Nesna. Han var 1955-60 sjef for det norske Luftforsvaret.
Infanterisoldaten Motzfeldt vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1920. Deretter gjekk han over til flyging og tok eksamen ved flyskulen i 1924.
Vinteren 1939-40 var kaptein Motzfeldt i USA for å kjøpe nye fly til det norske forsvaret. Her teikna han og kollegaen, kaptein Kristian Østby, fleire kontraktar på fly.
Motzfeldt var i London då han i mai 1940 vart beordra til Washington D.C. som assisterande militærattaché. På overfarten med båt laga han eit planutkast, der han skisserte dei behova som måtte oppfyllast for å kome i gang med flygartrening i Canada. Planutkastet danna grunnlaget for det som skulle verte den militære treningsleiren Little Norway.
Frå 1942 til 1948 var Motzfeldt stabssjef i Flyvåpnenes Felleskommando, som etter at flyvåpna vart slått saman i ei eining i 1944, vart Luftforsvarets Overkommando. Frå 1948 var han sjef for Luftkommando Trøndelag til han åra 1952-55 var flyattaché i London.
Motzfeldt vart utnemnd til generalmajor og flykommandør i 1953. To år seinare kom eit nytt opprykk då han som generalløytnant vart øvste sjef for Luftforsvaret. Han vart dimittert i 1960.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
- Denne artikkelen bygger på «Birger Fredrik Motzfeldt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2017.