Hopp til innhald

Beethoven Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beethoven Peninsula
halvøy
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Beethoven Peninsula.
Land  Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°44′S 73°41′W / 71.733°S 73.683°W / -71.733; -73.683
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Beethoven Peninsula
71°44′00″S 73°41′00″W / 71.733333333333°S 73.683333333333°W / -71.733333333333; -73.683333333333
Beethoven Peninsula is located in Antarktis
Beethoven Peninsula (Antarktis)

Beethoven Peninsula er ei fura, isdekt halvøy på sørvestdelen av Aleksanderøya, som ligg utanfor sørvestsida av Den antarktiske halvøya. Ho er 100 km lang og 100 km på det breiaste. Langs sørsida av halvøya ligg Bach isbrem, medan Wilkins isbrem ligg langs nordsida. Mendelssohnfjorden, Brahmsfjorden og Verdifjorden trengjer seg inn på halvøya. Bach isbrem, Rossini Point og Berlioz Point ligg i nærleiken, ved Ronne Entrance frå Sørishavet. Beethoven Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Halvøya vart først sett og fotografert frå lufta i 1940 av U.S. Antarctic Service, som laga det første kartet over den sørvestlege delen av Aleksanderøya. Ho vart kartlagd på ny og fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE), 1947–48, og kartlagde på ny frå foto av RARE av Derek J.H. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Ho vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter komponisten Ludwig van Beethoven.