Hopp til innhald

Baroni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit baroni er ei subnasjonal eining, ofte av mindre omfang eller betydning enn eit grevskap. Tidlegare var eit baroni eit len, som stod under ein barons overhøgheit. I Danmark vart nemninga lensbaroni nytta, og i motsetting til andre land var baron berre ein ærestittel, medan det var den såkalla lensbaron, som var forlent med eit landområde.

I England var det ikkje naudsynt at eit baroni skulle vere ei samla eining, men kunne godt vere spreidd ut over store område, eksempelvis hadde baroniet til jarlen av Pembroke gods som låg i England, Irland og Normandie.

I Sverige har det berre vore eit baroni, nemleg friherreætta Adelswärds no bolagisert, tidlegare fideikommiss, Adelsnäs i Åtvids socken, Östergötland.

I Noreg har det berre vore eit baroni, baroniet Rosendal i Sunnhordland.