Barbareskkysten
Barbareskkysten var namnet som vart gjeve til middelhavskysten av Nord-Afrika på 1800-talet, hovudsakleg området som vert avgrensa av dagens Marokko, Algerie, Tunisia og Libya.[1] Berbarfolket har gjeve namn til området.[1] I området rundt Middelhavet oppstod fleire viktige samfunn av grekarar, romarar, fønikarar og berberar, imazighen.
Sjølv om Barbareskkysten vart rekna for å vere ei språkleg eining, språket var 'berbar' (tamazight), var det i oldtida aldri ei politisk eining. Etter at islam hadde gjort inntoget sitt hadde dei ulike områda ein felles grunn til å sameinast, og slik kunne almohadane samle regionen under styret sitt. Dette dynastiet av imazighen herska òg over Spania (sjå maurarane).
Barbareskkaparane hadde eit dårleg rykte i Europa, desse sjørøvarane utførte raid i Middelhavet og store delar av Atlanterhavet opp til Island. Slavane dei tok, europearar og afrikanarar, vart selde på slavemarknader på Barbareskkysten.
Frå 1600-talet arrangerte europeiske handelsmakter straffe-ekspedisjonar for å slå desse kaparane. Den nederlandske sjøfararen Michiel Adriaenszoon de Ruyter var blant anna kjent som kaparjegar. I løpet av 1700-talet vart barbareskkaparane utrydda ved at stadane dei heldt i stor grad vart øydelagde av europeiske straffeekspedisjonar.
Det lukkast osmanarane å herske langs store delar av Barbareskkysten (Tamazgha), noko som òg medverka til å redusere kaparfarten. Berre den vestlege delen av dagens Marokko var utanom Det osmanske riket.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Barbary | historical region, Africa | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 12. desember 2021
- Denne artikkelen bygger på «Barbareskkysten» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2009.