Babil guvernement
Babil guvernement | |||
محافظة بابل | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 32°37′N 44°33′E / 32.617°N 44.550°E | ||
Hovudstad | Hillah | ||
Areal | 5 800 km² | ||
Folketal | 2 000 000 (2014)[1] | ||
Babil guvernement 32°37′00″N 44°33′00″E / 32.616666666667°N 44.55°E | |||
Kart som viser Babil guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Babylon Governorate |
Babil guvernement eller provinsen Babylon[2][3][4] (arabisk محافظة بابل Muḥāfaẓa Bābil) er eit guvernement sentralt i Irak. Det har eit areal på 5 119 km² med eit estimert folketal på 1 651 565 innbyggjarar i 2002.[5] Provinshovudstaden er byen Hillah, som ligg ovanfor oldtidsbyen Babylon (بابل) ved Eufrat.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Oldtidsbyen Babylon i dagens guvernement var hovudstad i det gamle Babylonia, og ligg ved Eufrat sør for Bagdad i Irak.[6]
Byen var busett frå 2000-talet fvt., men vart mindre viktig på 1000-talet fvt. under kongane av det første dynastiet i Babylon. Den sjette kongen i dynastiet var Hammurabi (1792–1750 fvt.) som gjorde Babylon til hovudstad i eit enormt rike og er mest kjend for lovene sine.
Byen opplevde ei stordomstid under Nebukhadnezzar II (605–562 fvt.) då Det babylonske riket strekte seg over det meste av Vest-Asia.
I 1991 var Babil guvernement senteret for eit sjiaopprør.[6]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Området er tørt til halvtørt med ein årsmiddelnedbør som varierer frå 50 til 200 mm..[7] Temperaturane om sommaren kan nå opp mot 50 °C, og vintrane er generelt milde.[7]
Distrikt
[endre | endre wikiteksten]Babil guvernement er delt inn i fire distrikt:[6]
- Al-Mahawil-distriktet (Al-Mahawil)
- Al-Musayab-distriktet (Al-Musayab)
- Hashimiya-distriktet (Hashimiya)
- Hilla-distriktet (Hillah)
Byar
[endre | endre wikiteksten]- Babylon – gammal hovudstad
- Al Hillah (900 000) – provinshovudstad
- Al Hashmiya (210 000)
- Al Kasim (120 000)
- Al Hamzah (160 000
- Al Askandariyah (135 000)
- Al latifiyah (150 000)
- Salman Pak (350 000)
- Yousefiah (17 000)
- Musayyib (175 000)
- Jurf Al Nasr (11 000)
- Al Muhaweel (51 000)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Babil Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.ncciraq.org/images/infobygov/Babil_Governorate_Profile_NCCI.pdf; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20151029164333/http://ncciraq.org/images/infobygov/Babil_Governorate_Profile_NCCI.pdf.
- ↑ Parkinson, Jennifer Ann, red. (1997). «Iraq». Irrigation in the Near East Region in Figures. Rome, Italy: Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO). s. 103. ISBN 978-92-5-103969-4.
- ↑ Mohammad, Mohammad Hadi (2012). «Prevalence of Bovine Sarcocystosis in Babylon province (مجلة الكوفة للعلوم الطبية البيطرية)». Kufa Journal For Veterinary Medical Sciences 3 (2): 78–83. Arkivert frå originalen 18. oktober 2017. Henta 13. september 2017.
- ↑ Al-Morshidy, Kassim A. H. & Al-Amari, Moayed J. Y. (2015). «Detection of parasitic contamination in Hilla city drinking water / Babylon province/ Iraq» (PDF). Advances in Natural and Applied Sciences 9 (3): 80–84. Arkivert frå originalen (PDF) 26. august 2015. Henta 13. september 2017.
- ↑ «Babil guvernement Profile» (PDF). United Nations Interagency Information Analysis Unit (IAU). 2007. Arkivert (PDF) frå originalen den 29 March 2015.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Babil guvernement Profile» (PDF). NGO Coordination Committee for Iraq (NCCI). 15 July 2015. Arkivert (PDF) frå originalen den 29 October 2015.
- ↑ 7,0 7,1 Manii, Jwad K. (2014). «Using GIS to study the probability pollution of surface soil in Babylon province, Iraq» (PDF). IOSR Journal of Applied Geology and Geophysics (IOSR-JAGG) 2 (1): 14–18. Arkivert (PDF) frå originalen den 26 August 2015.