Bøstad
Bøstad | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Bøstad 68°15′06″N 13°46′07″E / 68.251666666667°N 13.768611111111°E |
Bøstad er ein busetnad på Vestvågøy i den tidlegare kommunen Borge i Lofoten i Nordland, frå 1963 ein part av Vestvågøy kommune. Han er ein av dei mange stadene i Vestvågøy kommune som er rike på kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalderen.
Bøstad ligg ved Bøstadelva.[1] Bøstad skule ligg på staden.
Kulturminne
[endre | endre wikiteksten]På Borg på Bøstad har arkeologiske utgravingar brakt for dagen spor og leivningar etter ein stor bygning frå vikingtida som har fungert som høvdingsete. Bygningen er rekonstruert i full storleik og vert nytta til museum, Lofotr Vikingmuseum. Ikkje langt frå arealet der vikingtidsbygningen stod, ligg Borge kyrkje, som er den siste i ein rad av minst fem kyrkjer som har stått på same staden gjennom tidene. I området er det òg registrert fleire andre fornminne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bøstad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren