Bøfjorden sjøbruksmuseum
Bøfjorden sjøbruksmuseum er eit bygdemuseum i Bøfjorden i Surnadal kommune. Sidan starten i 1995 har det hatt sommar-opne søndagar frå juni til september kvart år.
Aktivitetar
[endre | endre wikiteksten]Ved sida av utstillingar og foto frå skipsbygging, skipsfart, fiske og annan lokal kultur kan museet by på kaffi, småsal og - kvar gong - eit Dagens Tema (kåseri, demonstrasjon, framføring) med utgangspunkt i lokal kultur og historie.
Oppslutninga har vakse med åra, og i 2007 var gjennomsnittsbesøket på 76 personar - svært bra i ei bygd med 300 innbyggjarar. Museet har vorte samlingsstad om søndagane - for bygdafolk og for tilreisande frå heile Nordmøre.
Drift
[endre | endre wikiteksten]Bøfjorden Historielag eig og driv museet. Alt skjer på dungnadsbasis utan fast offentleg tilskot. Ein er difor avhengig av inntekter frå kaffi- og småsal og ei årleg utlodding. Inngang er gratis.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Surnadal kommune Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.