Bø gamle kyrkje i Telemark
Utsjånad
Bø gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Bø gamle kyrkje
Foto: Roar Johansen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Bø | ||
Fellesråd | Bø | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | mur | ||
Material | stein | ||
Innvigd | 14. mai, truleg mellom 1150 og 1180 | ||
• Vigd til | Heilag-Olav | ||
Takryttar | På skipet | ||
Kor | Med apsis | ||
Klokker | 1 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1659 | ||
Altartavle | 1659 | ||
Orgel | Vestlandske, 1971 | ||
Sitjeplassar | 150 | ||
Diverse | Krusifiks ca. 1200; antemensale ca. 1300 | ||
Bø gamle kyrkje 59°24′40″N 9°03′22″E / 59.41116667°N 9.05623333°E | |||
Wikimedia Commons: Bø gamle kirke |
Bø gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1100-talet i Midt-Telemark kommune. Kyrkja er av stein og har om lag 150 sitjeplassar.[1] Det rett avslutta koret fekk etter kvart apsis i aust. Våpenhuset er frå 1600-talet.
Som andre gamle kyrkjer har denne vore utsett for endringar, men dei har vore moderate. Mellom anna er sørportalen mura att, og vindauge har vorte utvida. Kyrkja vart avløyst av Bø nye kyrkje i 1875, men ein har likevel teke vare på gamlekyrkja.
Inventaret er for ein stor del frå 1600-talet. Galleriet (i vest og nord), altartavla og preikestolen er alle frå 1650-åra og vart måla i 1685–87. Galleriet har ni biletfelt med bibelske motiv. Altartavla synar Jesu dåp, nattverda, krossfestinga og Kain og Abel si ofring.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kyrkjesøk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Bø kyrkje». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 104-105. ISBN 82-90695-00-4.
- Ekroll, Øystein, Stige, Morten og Havran, Jiri (2000). Kirkene i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 96-99. ISBN 82-91399-09-3.
- Kyrkjesøk
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 492. ISBN 82-7527-022-7.
- Kunsthistorie.com
- Bø kyrkjelege fellesråd[daud lenkje]
- Artemisia.no
- Bø gamle kyrkje i Telemark i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren