Axel Heiberg
Axel Heiberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mars 1848 Christiania |
Død |
4. september 1932 (84 år) |
Yrke | gründer, diplomat, bonde |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Far | Johan Fritzner Heiberg |
Axel Heiberg (16. mars 1848–4. september 1932) var ein norsk forretningsmann og mesén. Han er særleg kjend for si rolle i å få finansiert eksepedisjonar som dei norske polfararane Fridtjov Nansen, Otto Sverdrup og Roald Amundsen la ut på. Dessutan var han den fremste pådrivaren i den såkalla skogsaka. Heiberg var ein rik mann som ytte midlar til ei rad andre tiltak.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Heiberg tok studenteksamen i 1866 og arbeidde dei neste åra utanlands. Åra 1871-73 dreiv han forretningar i Shanghai. Han flytta deretter tilbake til fødebyen Christiania der han vart medeigar i fleire forretningstiltak. Mellom anna finansierte han i 1876 etableringa av Ringnes Bryggeri.
Heiberg var ein ihuga jeger og skipa den fyrste kennelklubben i Noreg. Saman med skipsreiar Thomas Fearnley og bryggerieigarane Amund og Ellef Ringnes finansierte han dei to fyrste Fram-ferdene til Arktis og dei polare områda i nord. Han var såleis reiar av skuta Fram, som Fridtjof Nansen og Otto Sverdrup nytta til dei to ekspedisjonane i Polhavet. Den store øya Axel Heibergs land i Canada, i tillegg til Axel Heiberg-breen i Antarktis og Heibergøyane utanfor kysten av Sibir er alle kalla opp etter Heiberg.
I 1878 deltok han i stiftinga av Christiania Roklub. Saman med Waldemar Christofer Brøgger gjorde han opptaket til Fridtjov Nansens Fond til Videnskabens Fremme og gav eit stort pengetilskot til fondet. Merkesaka hans var likevel skogsaka. Han stod bak stiftinga av Det norske Skogselskap og var formann og dagleg leiar i organisasjonen til 1923. Statuane av Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson ved Nationaltheatret vart begge kosta av Heiberg.
Heiberg fekk St. Olavs Orden i 1896, og i 1897 vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han mottok Borgerdådsmedaljen i gull i 1923.[1]
I 1948 vart Heiberg avbilda på eit frimerke i samband med Skogselskapet sitt 50-årsjubileum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954
- ↑ Susan Barr. «Axel Heiberg». Norsk biografisk leksikon. Henta 6. mars 2016.