Arktisk råd
Arktisk råd | |||
Skipa | 19. september 1996 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Framsenteret | ||
Nettstad | https://arctic-council.org/ |
Arktisk råd er eit mellomstatleg organ for samarbeid om spørsmål knytte til utfordringar for landa i Arktis. Formålet er å fremja berekraftig utvikling med omsyn til miljø, økonomi og sosiale tilhøve.
Medlemslanda i Arktisk råd er Canada, Danmark med Færøyane og Grønland, Finland, Island, Noreg, Russland, Sverige og USA.[1] Dei åtte landa leiar rådet på omgang. I 2023 tok Noreg over leiarskapen.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rådet blei formelt danna i 1996 då utanriksministrane til medlemslanda kom saman i Ottawa i Canada, og vedtok Ottawa-fråsegna om samarbeid i Arktis. Vidare har seks internasjonale urfolksorganisasjonar status som permanente deltakarar i rådet. Fleire ikkje-arktiske statar, internasjonale organisasjonar og ikkje-statlege organisasjonar har observatørstatus i Arktisk råd.
Sekretariatet til Arktisk råd fekk fast tilhald i Tromsø i 21. januar 2013, med adresse i Framsenteret.[3]
Urfolk i rådet
[endre | endre wikiteksten]Arktisk råd inkluderer seks internasjonale urfolksorganisasjonar som er organiserte under paraplyorganisasjonen urfolkssekretariatet i Arktisk råd (IPS) i København. Arktisk råd er den fyrste overnasjonale organisasjon som gjev denne formelle deltakarstatusen til urfolk.
Pause i møteverksemda
[endre | endre wikiteksten]På bakgrunn av den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 gav Canada, Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige og USA i mars 2022 ut ei felles fråsegn om at representantar frå dei respektive landa ikkje kom til å reisa til Russland for møte i Arktisk råd.[4]
I juni same året tok ein opp att prosjektet utan russisk deltaking.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «About the Arctic Council». The Arctic Council. 7. april 2011. Henta 17. september 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Arktisk råd», Regjeringen.no (på norsk), 1. februar 2023, henta 14. april 2023
- ↑ AS, Copyright © 2022 Framsenteret Drift. «Arktisk råd permanent i Tromsø» (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2022.
- ↑ «Joint Statement on Arctic Council Cooperation Following Russia’s Invasion of Ukraine» (på engelsk). Henta 8. mars 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Arktisk råd» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2023.