Anzjela Balakhonova
Anzjela Balakhonova | |
Statsborgarskap | Ukraina |
Fødd | 18. desember 1972 (51 år) Sjakhtarsk |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Utmerkingar | 3. klasse av Fyrstinne Olgas orden, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden |
Anzjela Anatolijivna Balakhonova (fødd 18. desember 1972) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sjakhtarsk som i 1998 vart den fyrste kvinnelege europameisteren i stavhopping. Året etter vann ho VM-sølv i øvinga.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Balakhonova var ein av dei fremste utøvarane i pionertida for kvinneleg stavhopping. Vinteren 1998 sette ho ny verdsrekord med 4,45 meter då ho vann øvinga ved innandørs-VM i Valencia. Eit lite halvår seinare vann ho gullmedaljen ved europameisterskapen i Budapest med 4,31 m. Under verdsmeisterskapen 1999 forbetra ho europarekorden til 4,55 m og vann sølvmedaljen, gullet tok Stacy Dragila med ny verdsrekord på 4,60 m. I Sommar-OL 2000 kvalifiserte Balakhonova seg greitt til finalen, i finalen rauk ho ut på opningshøgda si, 4,25 m.
Tidleg i juni 2004 forbetra Balakhonova sitt personbeste til 4,57 meter i Jalta. I den olympiske stav-finalen i Aten i august månad vart ho nummer seks etter å ha klart 4,40 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 4,31 m, framom Nicole Humbert (4,31 m)
- VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 4,55 m, bakom Stacy Dragila (4,60 m)
- OL 2000 i Sydney: Nr 12
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (4,25 m=nr 13)
- OL 2004 i Aten: Nr 6 – 4,40 m
- VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa (4,15 m=nr 17)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anschela Balachonowa» frå Wikipedia på tysk, den 30. august 2019.