Hopp til innhald

Anne Kjersti Kalvå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Kjersti Kalvå


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juni 1992 (32 år)
Melhus kommune
Idrett langrenn
Tok del i Ski-VM 2021, Ski-VM 2023

Anne Kjersti Kalvå (fødd 5. juni 1992) er ein norsk langrennar frå Lundamo i Melhus som under Ski-VM 2023 gjekk Noreg inn til gullmedalje i 4 x 5 km stafett. Ho er medlem i Lundamo IL og syskenbarn til Marit Bjørgen.

Kalvå vart nummer 6 på 30-kilometeren då ho meisterskapsdebuterte i Ski-VM 2021 i Oberstdorf. Ho var påmeld til Vinter-OL 2022, men vart straks før leikane smitta av Sars-CoV-2 og kom ikkje med til leikane i Kina.