Hopp til innhald

An Caisteal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
An Caisteal
Slottet
Munro, Marilyn
Oppover mot toppen på An Caisteal frå Twistin Hill på nordsida
Land  Skottland
Fjellkjede Grampian Mountains
Topp Stirlingshire
 •  høgd 995 moh.
 •  Primærfaktor 472 m
Kart
An Caisteal
56°20′19″N 4°37′28″W / 56.3386°N 4.624368°W / 56.3386; -4.624368
Wikimedia Commons: An Caisteal

An Caisteal er eit fjell i Skottland seks kilometer sør for landsbyen Crianlarich i Stirling region.

An Caisteal har status som ein Munro og har ei høgd på 995 meter over havet. Han ligg på austsida Glen Falloch i Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark.

An Caisteal er hovudsakleg dekt av gras med nokre klippeframspring i dei høgareliggande områda. Fjellet består av fire ryggar som går i kvar sin retning frå toppen av fjellet.