Al Hidd
Utsjånad
Al Hidd | |||
by | |||
Eit gammalt bilete av Hidd
| |||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
guvernement | Muharraq guvernement | ||
Koordinatar | 26°15′N 50°39′E / 26.250°N 50.650°E | ||
Al Hidd 26°15′N 50°39′E / 26.25°N 50.65°E | |||
Kart som viser Al Hidd.
|
Al Hidd (arabisk الحد) er ein by i Bahrain på ei sandtunge heilt søraust på Muharraq. Byen har ein relativt stor sunni-folkesetnad av beduinisk opphav, huwala, eller afroarabarar.[1]
Før det vart oppdaga olje i Bahrain, levde innbyggjarane i Hidd stort sett av fiske eller perledykking. Mange av fijiri-gruppene i Bahrain held til i Hidd.
Hadd brukte å vere styrt som ein eigen kommunen, men er i dag ein del av Muharraq guvernement. Sør for Hadd ligg Hadd industriområde, bygd på tørrlagt land.
Hadd ligg sør for Bahrain internasjonale lufthamn og Arad. Shaikh Khalifa Causeway knyter Hadd til Juffair på Bahrainøya.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Hidd» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ R. B. Serjeant, Fisher-Folk and Fish-Traps in Al-Baḥrain, Bulletin of the School of Oriental and Afrikan Studies, University of London, Vol. 31, No. 3 (1968), s. 486-514