Hopp til innhald

Abeløya

Koordinatar: 79°00′N 30°15′E / 79.000°N 30.250°E / 79.000; 30.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

79°00′N 30°15′E / 79.000°N 30.250°E / 79.000; 30.250

Abeløya
øy
Land  Noreg
Del av Kong Karls Land, Svalbard
Areal 13,2 km²
Folketal 0
Kart
Abeløya
78°59′20″N 30°12′20″E / 78.988888888889°N 30.205555555556°E / 78.988888888889; 30.205555555556

Abeløya er den austlegaste av dei tre største øyane på Kong Karls LandSvalbard. Øya er langt mindre enn dei andre to store øyane, Svenskøya og Kongsøya. Ho har namn etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802–29).[1]

Abeløya blei ein del av Nordaust-Svalbard naturreservat då reservatet blei oppretta i 1973. I 1985 blei det innført ferdselsforbod på øya, på grunn av den store tydinga området hadde for isbjørn-vandring.[2]

  1. Abeløya Stadnamn i norske polarområde, Norsk polarinstitutt Besøkt 16. april 2016.
  2. Lovdata: Forskrift om ferdselsforbud på Kong Karls Land