Hopp til innhald

146 Lucina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
146 Lucina
Oppdaging
Oppdaga avAlphonse Borrelly
Oppdagingsdato8. juni 1875
Baneskildring
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Aphel433,156 mill. km (2,895 AE)
Perihel380,397 mill. km (2,543 AE)
Eksentrisitet0,065
Banehelling13,074°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar132,2 km
Masse2,4×1018 kg
2,0 g/cm³
0,0699 km/s
? d
Albedo0,10

146 Lucina er ein asteroide i hovudbeltet. Han er stor og mørk og har ein karbonhaldig samansetnad.

Han blei oppdaga av Alphonse Borrelly den 8. juni 1875 og namnsett etter Lucina, den romerske gudinna for barnefødslar.

To stjerneokkultasjonar av 145 Lucina har blitt observert så langt, ein gong i 1982 og i 1989. Under den første okkultasjonen blei det kanskje funne ein satellitt 6 kilometer i diameter.

Vidare bevis for ein satellitt kom fram i 2003, denne gongen basert på astrometriske målingar. [1]