Hopp til innhald

Žilina

Koordinatar: 49°13′22″N 18°44′24″E / 49.22278°N 18.74000°E / 49.22278; 18.74000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Žilina
Byvåpenet til Žilina
Byvåpenet til Žilina


Plassering
Žilina is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Žilina kraj
Først nemnd i 1069
Geografi
Flatevidd
 - By

80,03 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

85 558
  1 069,1 /km²
Koordinatar 49°13′22″N 18°44′24″E / 49.22278°N 18.74000°E / 49.22278; 18.74000
Høgd over havet 342 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 010 01
Retningsnummer (tlf) +421-2
Bilnummer ZA
Nettstad: www.zilina.sk

Žilina (tysk Sillein, ungarsk Zsolna, polsk Żylina, latinsk Solna) er ein by nordvest i Slovakia, rundt 200 km frå hovudstaden Bratislava. Han er den fjerde største byen i Slovakia med rundt 85 000 innbyggjarar. Byen er eit viktig industrisenter og den største byen ved elva Váh. Han er òg sete i Žilina kraj og ein Žilina okres.

Området rundt Žilina har vore busett sidan steinalderen (rundt 20 000 f.Kr.). På 400-talet flytta slavarar til området. Dei første skriftlege kjeldene om Žilina er frå 1208 då han vart kalla terra de Selinan. Frå andre halvdel av 900-talet til 1918 var han ein del av Kongedømet Ungarn.

Byen starta å utvikle seg frå rundt år 1300 og hadde alt bystatus i 1312. I 1321 fekk han status som fri kongeleg by av kong Karl I. 7. mai 1381 gav kong Ludvig I ut Privilegium pro Slavis som gjorde dei slaviske innbyggjarane til likemenn av dei tyske innbyggjarane ved at halvparten av bystyret no skulle vere slavarar.[1] Byen vart brend ned av husittar i 1431.

På 1600-talet vart Žilina eit senter for produksjon, handel og utdanning, og under barokken vart det bygd mange kloster og kyrkjer, i tillegg til Budatín-borga. I revolusjonane i 1848, vann slovakiske frivillige, ein del av keisarhæren, eit slag i nærleiken mot ungarske honvedar og gardistar.

Byen blømde på andre halvdel av 1800-talet då det vart lagt jernbane til byen. Denne stod ferdig i 1872 med linje til Košice og i 1883 fekk byen jernbanesamband med Bratislava. Nye fabrikkar sprang opp, som den manufakturfabrikken Slovena (1891) og Považie kjemiverk (1892).

Han var ein av dei første kommunane som signerte Martin-erklæringa (30. oktober 1918) og fram til mars 1919 var han sete for dei slovakiske styresmaktene. 6. oktober 1938, kort tid etter München-avtalen, vart sjølvstyret til Slovakia som ein del av Tsjekkoslovakia erklært i Žilina.

Etter den andre verdskrigen vart det bygd mange bye fabrikkar, skular og bustadhus i byen. Han var sete for Žilina kraj frå 1949-1960 og igjen sidan 1996.

Trolleybuss i Žilina

I dag er Žilina den fjerde største byen i Slovakia, det tredje viktigaste industrisenteret og sete for eit universitet, Žilinská univerzita (grunnlagd i 1953). Sidan 1990 har det historiske senteret i byen vorte gjenoppbygd og byen har bygd ut trolleybuss-linjer

  1. Kirschbaum, Stanislav J. (1995). A history of Slovakia : the struggle for survival. New York: St. Martin’s Press. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Bratislava frå Wikivoyage