Årstad
Årstad | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Årstad 60°21′43″N 5°21′22″E / 60.362°N 5.356°E | |||
Wikimedia Commons: Årstad, Bergen |
Årstad er ein bydel i Bergen. Bydelen ligg sør for sentrum, og det budde om lag 36 350 menneske der i 2009.[1] Bydelen med namnet Årstad har ikkje same grenser som det gamle Årstad prestegjeld, og t.d. er garden Årstad ikkje med i Årstad bydel.
Namnet «Årstad» kjem av «Alrekstad», som var namnet på kongsgarden som låg i området. Alrekstad har ei soge som er eldre enn Bergen by, med spor attende til ein Kong Alfred som skal ha budd der på 400-talet. Alrekstad vert nemnd fleire gonger i kongesogene.
Årstad sokn vart skilt ut frå Fana prestegjeld i 1752 og vart lagt til hospitalskyrkja St. Jørgen i Bergen. I 1886 vart Årstad skilt ut frå St. Jørgen som eige prestegjeld. Seinare er fleire delar av Årstad frådelt som eigne prestegjeld: St. Markus i 1928, Fridalen og Solheim i 1957.
Det kom sterk industrivekst i Årstad i andre halvdel av 1800-talet. Bergen Mekaniske Verksteder og Wingaards Jernstøberi etablerte seg i Solheimsviken i 1850, og folketalet auka då raskt. I 1801 hadde Årstad sokn 290 innbyggarar, i 1900 budde det 4782 menneske i Årstad, og då kommunen vart innlemma i Bergen i 1915 var folketalet 10 774.
Årstad var eigen kommune fram til 1915, då han vart ein del av Bergen kommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Årstad» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2005.