Hopp til innhald

Åkerdylle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åkerdylle
Åkerdylle
Åkerdylle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Stamme: Cichorieae
Slekt: Dylle Sonchus
Art: Åkerdylle S. arvensis
Vitskapleg namn
Sonchus arvensis

Åkerdylle er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten har kosmopolitisk utbreiing. Planta har lange krypande jordstenglar. Buktfinna snaue blad med runde øyre. Korgskaft og korgdekke har gule kjertelhår. 4-5 cm brei korg med mørkgule kroner. Frukta er til slutt brun, 3-3,5 mm lang. Åkerdylle blomstrar kring juli månad på havstrender og avfallsplassar, og i åkrar, der planta er eit ugras.

  • Dansk wikipedia.
  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.