Leiv Arne Grimstad
Utsjånad
Leiv Arne Grimstad (fødd 27. juli 1951) er ein journalist, forfattar og idrettsutøvar frå Hareid.
Grimstad er son til Arne Grimstad og voks nokre år opp i Oslo, då faren var tilsett i NRK. Leiv Arne Grimstad var aktiv fotballspelar på juniorlaget til IK Skeid, før han flytta til Hareid og byrja spele for fjerdedivisjonslaget Hareid IL. Han arbeidde i lang tid som journalist i Vikebladet Vestposten. Jamsides dette yrket skreiv han barnebøker og ei bok basert på hans interesse for fjellnaturen.
Bibliografi
- Audun i Kirsebærlunet (barnebok) Gyldendal 1986
- Gullhestane (barne- og ungdomsbok) Gyldendal 1989
- Sunnmørsalpane – Tindelandet (praktbok) Vista 1995
- Peresletta – ei reise til Solbjørg Pilskogs rike i Kamerun (misjonsreportasje) – Luther Forlag 1997
- På veg mot stjernene (barnebok) Gyldendal Tiden 2000