Kristian Bjørn
Kristian Bjørn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. august 1919 Alvdal |
Død | 1. april 1993 (73 år) Alvdal |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1948 |
Kristian Bjørn (22. august 1919–1. april 1993) var ein norsk langrennsløpar og gardbrukar, som var fødd og døydde i Alvdal og som representerte Alvdal Idrettslag. Han vann to sølvmedaljar i noregsmeisterskap på ski, og fekk i 1950 VM-bronse i stafett for Noreg.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bjørn deltok for Noreg i vinterleikane i St. Moritz i 1948 og kom på niandeplass 50-kilometeren. Seinare i OL-sesongen gjekk han inn til sølvmedalje på 18 km i NM på ski, med tida 1.02.49 var han 47 sekundar bakom vinnaren, Thorleif Vangen. Året etter vart det eit nytt NM-sølv på same distansen, klubbkameraten Ottar Gjermundshaug hadde då 36 sekundar betre tid.
Bjørn gjekk tredjeetappen for Noregs lag som tok bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid. Martin Stokken, Eilert Dahl og Henry Hermansen var dei andre norske medaljevinnarane.
Kristian Bjørn var sidan gardbrukar på Bjørnsplass i Alvdal.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1946: Nr 10 på 50 km i Drammen
- Ski-NM 1947: Nr 4 på 30 km
- Ski-NM 1948: Sølvmedalje på 18 km på Lillehammer
- Ski-NM 1949: Sølvmedalje på 18 km på Steinkjer
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Bjørn i olympedia.org