Glyndebourne Festival Opera
Glyndebourne Festival Opera eller berre Glyndebourne er ein britisk operafestival som finn stad ved Glyndebourne, eit gods utanfor Lewes i East Sussex i England.
Sidan selskapet blei skipa har Glyndebourne særleg blitt kjend for produksjonar av Mozart sine operaer.[1] Fleire opptak av historiske oppføringar av Mozart ved Glyndebourne er blitt gjevne ut.[2] Andre kjende produksjons er Porgy and Bess, av George Gershwin på 1980-talet, regissert av Trevor Nunn og sidan teke ut frå Glyndebourne og filma for fjernsyn i 1993. I tillegg til verk av Mozart har repertoaret ved selskapet oppføt operaer av Janáček[3][4] og Händel.[5]
Festivalen blei skipa av familien Christie, som har stått for arrangementet kvart år sidan 1934, bortsett frå krigsåra 1941–45 og i 1993, då konserthuset blei ombygd. Gus Christie, son av sir George Christie og soneson av festivalgrunnleggjaren John Christie, blei formann for festivalen i 2000.[6] I januar 2014 blei Robin Ticciati den sjuande musikalske leiaren for verksemda.[7][8]
Hovudorkesteret for Glyndebourne-festivalen er London Philharmonic Orchestra, som har hatt stillinga sidan 1964. Festivalen er også knytt til Orchestra of the Age of Enlightenment.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ McN., W. (juli 1935). «The Mozart Festival at Glyndebourne». The Musical Times 76 (1109): 646. JSTOR 920186.
- ↑ Tim Ashley (13 June 2008). «Mozart: Le Nozze di Figaro, Gencer/ Freni/ Bacquier/ Blankenburg/ RPO/ Varviso». The Guardian. Henta 1. januar 2010.
- ↑ Tim Ashley (4. juni 2002). «Katya Kabanova». The Guardian. Henta 1. januar 2010.
- ↑ Andrew Clements (31 October 2003). «The Makropulos Case: London Philharmonic/Davis». The Guardian. Henta 1. januar 2010.
- ↑ Martin Kettle (24. mai 2009). «Giulio Cesare». The Guardian. Henta 1. januar 2010.
- ↑ Rupert Christiansen (1. mai 2001). «Dad assures me we're in the best condition ever». Telegraph. Henta 25. mars 2007.
- ↑ «Robin Ticciati will be Festival Music Director from January 2014» (Press release). Glyndebourne Festival Opera. 1. juli 2011. Arkivert frå originalen 2. juli 2011. Henta 2. juli 2011.
- ↑ Maeve Kennedy (1 July 2011). «Glyndebourne baton handed to Robin Ticciati». The Guardian. Henta 1. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Glyndebourne Festival Opera» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2020.