Barbados
Barbados
(norsk: Barbados, barbadisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «In Plenty and In Time of Need» | ||||||
Motto | Pride and Industry | ||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Bridgetown | ||||||
Styresett President
Statsminister |
Republikk Sandra Mason Mia Mottley | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
430 km² (185.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
292 336 (176.) 276 607 679,9 /km² (8.) | ||||||
Sjølvstende Frå Storbritannia, etter forhandlingar |
30. november 1966 | ||||||
Nasjonaldag | 30. november | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
4 658 mill. USD (165.) 17 800 USD (74.) | ||||||
Valuta | Barbadisk dollar | ||||||
Tidssone | |||||||
Telefonkode | +1-246 | ||||||
Toppnivådomene | .bb
|
Barbados er ein øystat aust i Det karibiske havet og vest i Atlanterhavet. Øyane er ein del av Dei små Antillane og har statane Saint Lucia og Saint Vincent og Grenadinane som nærmaste naboar. Staten tilhøyrar verdsdelen Nord-Amerika, men ligg berre 434 kilometer nordaust for Venezuela og det søramerikanske kontinentet.
Øya er hovudsakleg bygd opp av korall og kalkstein. Ho er 430 km² i utstrekking, hovudsakleg flat, men med høgare område i innlandet. Barbados ligg 13º nord for ekvator og har ein lengdegrad på 59º vest. Klimaet er tropisk med konstante passatvindar. Det finst nokre myrer og mangroveområde her, i tillegg til store menneskeskapte sukkerrøyrplantasjar.
Landet har ein av dei høgaste levestandardane i verda og ligg på 0,788 på Human Development Index-skalaen. Dette er det tredje beste i Nord-Amerika. Det er eit av dei tettast folkesette i verda, og peikar seg òg ut gjennom særs høg lesekunne blant innbyggjarane.
Namnet «Barbados» kjem frå den portugisiske oppdagaren Pedro Campos, som i 1536 kalla øya Os Barbados, 'dei skjeggete', etter fikentrea med luftrøter som voks der.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Barbados ligg i Det karibiske havet, men aust for dei andre karibiske øyane, der Det karibiske havet møter Atlanterhavet. På det breiaste er øya 23 kilometer og på det lengste 34 kilometer, noko som utgjer eit samla areal på 431 km². Øya er relativt flat, med nokre høgdedrag lenger inn i øya. Det høgaste punktet er fjellet Mount Hillaby som ligg 336 meter over havet.
Klimaet er tropisk med regn frå juni til oktober. Barbados er for det meste skåna frå orkanar og tropiske stormar i og med at staden ligg sør i Karibia og dermed utanfor det typiske orkanbeltet. Øya blir råka av orkanar ein gong kvart tredje år og direkte orkanar kjem berre kvart 26 år.[1]
I Saint Michael parish ligg hovudstaden Bridgetown. Av innbyggjarane blir denne byen helst berre kalla «The City» eller «Town». Andre byar som ligg spreidd rundt på øya er Holetown i Saint James parish, Oistins, Christ Church parish og Speightstown i Saint Peter parish.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Barbados har tropisk klima påverka av passatvinden. Temperaturane endrar seg lite gjennom døgnet og året. Middeltemperaturen i januar er 25 °C, og i august 27 °C. Årsnedbøren er kring 1250-1500 mm, med mest nedbør i perioden juni-november. Resten av året er tørketid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første som kom til øya var nomadar frå Sør-Amerika, og var den første av tre bølgjer av utvandrarar som drog nordover mot Nord-Amerika. Desse var Saladoid-Barrancoid-grupper av bønder, fiskarar og keramikarar som kom i kano frå Sør-Amerika (Orinoco-dalen i Venezuela) rundt år 350. Arawakfolk utgjorde den andre bølgja som utvandra frå Sør-Amerika rundt år 800. Dei danna busetjingar ved det som i dag er Stroud Point, Chandler Bay, Saint Luka's Gully og Mapp's Cave. Iølgje arawakar på andre øyar skal dei ha kalla denne øya for Ichirouganaim. Karibar steig i land på øya på 1200-talet og fortrengde dei tidlegare innbyggjarane. Dei neste hundreåra levde karibane, som arawakane og saladoid-barranoid-folket hadde gjort før dei, isolert på øya.
Spanjolane kom til øya ved byrjinga av 1500-talet. Spanske conquistadorar fanga mange karibar, tok dei med seg og brukte dei som slavar på plantasjar. Andre karibar rømde frå øya. Britiske sjømenn som gjekk i land på Barbados rundt 1620 fann øya nesten aude.
Frå britane først kom til øya i 1627–1628 og heilt til sjølvstendet i 1966 var ho berre under deira kontroll. Britane laga plantasjar som dei dreiv med slavearbeid til dette blei forbode i 1834. Frå og med 1620-talet blei det send ein del afrikanske slavar til øya. 5000 av den lokale folkesetnaden døydde av feber i 1647 og hundrevis av slavar blei avretta av britiske rojalistar under den engelske borgarkrigen på 1640-talet, sidan dei frykta at ideae til demokratisk sinna Levellers kanskje ville spreia seg til slavane på Barbados om parlamentet tok kontroll.
Store mengder av keltiskspråklege innvandrarar frå Irland og Skottland kom til øya som kontraktstenarar. Desse blei nytta som bufferar mellom dei engelske plantasjeeigarane og den større afrikanske slavebefolkninga, medan dei bidrog med teneste i kolonialmilitsen og samstundes spelte ei stor rolle som allierte med den stadig veksande svarte slavefolkesetnaden i ei lang rekkje koloniale opprør. I 1659 sende engelskmennene mange irar og skottar til Barbados som slavar, og kong Jakob II og andre kongar av Stuart-dynastiet sende skuter og engelskmenn til øya, blant anna etter Monmouth-opprøret i 1685. Dei noverande etterkommarane av desse opphavlege slavane bkir ofte kalla redlegs, eller lokalt ecky becky, og er blant dei fattigaste innbyggjarane på Barbados. Det har òg vore ein del giftarmål mellom skottar og irar og afrikanarar på øya.
Gradvise sosiale og politiske reformer i 1940- og 1950-åra førte til sjølvstende frå Storbritannia i 1966. Under kolonitida hadde Barbados alltid hatt relativt sett mykje sjølvstyre, det lokale parlamentet House of Assembly byrja verksemda i 1639. Blant viktige tidlege øybuar var William Courten. Sjølvstyret blei utøvd av britiske utvandrarar, og ikkje av den opphavlege folkesetnaden.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Barbados har vore ein sjølvstendig stat sidan 30. november 1966. I 2021 blei det ein republikk med Sandra Mason som den fyrste presidenten. Fram til 2021 var landet eit monarki med Elisabeth II av Barbados som dronning. Som samvelderike delte Barbados monark med 15 andre statar. Monarken var representert av generalguvernøren.
Parlamentet byggjer på den britiske Westminster-modellen. Det har eit underhus, kalla House of Assembly, med 30 sete og eit overhus, kalla Senatet, med 21 sete. Demokratiet på Barbados er eit av dei sikraste demokratia i Karibia. Den utøvande makta ligg hjå statsministeren og kabinettet hans. Vanlegvis er statsministeren leiar for det vinnande partiet i valet av underhus. Det blir halde val kvart femte år. Dei 21 medlemmane av senatet blir peikte ut av generalguvernøren.
Det er blitt fremja ønske om at Barbados skal bli gjort om til republikk, men dette har ikkje blitt noko av.
Barbados er medlem av SN, Samveldet av nasjonar, Organisasjonen av amerikanske statar, CARICOM, Association of Carribean States og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar.
Forsvars- og utanrikspolitikk
[endre | endre wikiteksten]Forsvarsstyrken i landet, Barbados Defence Force, blei grunnlagd i 1979. I tillegg til å ivareta forsvaret av landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[2]
Barbados Defence Force består av ein infanteribataljon, kystvakt og ein luftveng. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 626 personar (2010).[3]
Barbados er medlem i Regional Security System, eit forsvarssamarbeid mellom sju austkaribiske statar.[4] Hovudkvarteret til organisasjonen ligg på Barbados.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Barbados har eit folketal på 290 604 (per 2015), med ein folkevekst på cirka 0,33 %. Omtrent 90 % av alle barbadiarar (lokalt kjende som bajanarar) har afrikansk bakgrunn(«afro-bajanarar»). Dei fleste av desse er etterkommarar av slavar som jobba på sukkerplantasjane. Resten av folkesetnaden er europearar som hovudsakleg stammar frå Storbritannia, Irland, Portugal og Spania, kinesarar, hinduar og muslimar frå India, Bangladesh og Pakistan, og arabiske barbadiarar som hovudsakleg stammar frå Syria og Libanon. Det finst òg mange folk på øya som er av kreolsk avstamming som er ei blanding av afro-karibar og europearar. Andre på øya er spanske og mesteparten kjem frå søramerikanske naboar som Venezuela og Brasil, medan andre kjem frå spanske karibiske øyar som Puerto Rico, Cuba og Den dominikanske republikken.
Det offisielle språket i landet er engelsk og den lokale dialekten blir kalla bajansk.
Religion
[endre | endre wikiteksten]Trussamfunn på Barbados (2010)[5] | ||||
---|---|---|---|---|
Anglikanarar | 23,9% | |||
Andre pinsevennar | 19,5% | |||
Adventistar | 5,9% | |||
Metodistar | 4,2% | |||
Nasarenarar | 3,2% | |||
Church of God | 2,4% | |||
Jehovas vitne | 2,0% | |||
Baptistar | 1,8% | |||
Herrnhutismen | 1,2% | |||
Barbadarane er i hovudsak kristne. Ved folketeljinga i 2010 var 23,9 % anglikanarar, medan 19,5 % blei telde som «andre pinsevennar». Fleire andre kyrkje- og trossamfunn finst òg. 5,9 % var adventistar, 4,2 % metodistar, 3,2 % nasarenarar, 2,4 % tilhøyrde Church of God, 2 % var Jehovas vitne, 1,8 % baptistar og 1,2 % tilhøyrde herrnhutismen.[5]
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Historisk har produksjon av sukker, melasse og rom vore berebjelkane i økonomien. Men turisme har blitt stadig viktigare for øya, og i 1990-åra blei denne og produksjonsindustrien viktigare enn sukkerindustrien.
Rom frå Barbados blir kalla eklipse-rom på grunn av plasseringa av øya ved Krepsens vendekrins (ekliptikken). Destilleriet heiter «Mount Gay Distilleries».
Turisme og service er i dag hovudarbeidsfeltet for 75 % av arbeidsstokken, med 15 % i industri og 10 % i landbruk og fiske (tal frå 1996). Arbeidsløysa er vanlegvis under 10 %. Ein prøver å få opp att dyrking av bomull. Øya har som den einaste av Dei vestindiske øyane oppdaga olje- og gassreservoar innanfor territorialgrensa sin.
Turismen nyt godt av at dei aller fleste orkanane har ein nordlegare bane på veg inn i Mexicogolfen. Passatvindane gjer klimaet behageleg med pålandsvind med havtemperatur kring 30 gradar om dagen og frålandsvind om natta. Strendene langs kysten er lyse sandstrender.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Barbados er oppdelt i 11 parish:
- Christ Church
- Saint Andrew
- Saint George
- Saint James
- Saint John
- Saint Joseph
- Saint Lucy
- Saint Michael
- Saint Peter
- Saint Philip
- Saint Thomas
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Barbados Weather», barbados.org. Lest 9. mars 2015.
- ↑ Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113, 115.
- ↑ «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 116.
- ↑ Dent, David W. og Larman C. Wilson: Historical Dictionary of Inter-American Organizations, 2. utgave, Lanham/Toronto/Plymouth: Scarecrow Press, 2014, s. 270.
- ↑ 5,0 5,1 2010 Population and Housing Census. Volume 1 Arkivert 2017-01-18 ved Wayback Machine., Barbados Statistical Service, 2013, s. 56.
- «Barbados – klima» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Barbados» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]