Eurovision Song Contest 1979

Eurovision Song Contest 1979 var den 24. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Tevlinga fann for fyrste gong stad i Israel, etter at landet vann tevlinga året før med Izhar Cohen[2] og Alphabeta[3] med «A-ba-ni-bi». Tevlinga blei produsert av den israelske kringkastaren IBA og blei arrangert laurdag 31. mars 1979 i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem. Daniel Pe'er og Yardena Arazi var programleiarar.

Eurovision Song Contest 1979
Offisiell tittel
24. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 31. mars 1979
Vertskap
Stad
Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem i Israel
Programleiar(ar)
Daniel Pe'er
Yardena Arazi
Kringkastar(ar)
Israel Broadcasting Authority (IBA)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
19
Trekte seg
Tyrkia
Kart
Røysting
Vinnar
Israel med «Hallelujah» av Gali Atari og Milk and Honey[1]
Eurovision Song Contest
Paris 1978 Haag 1980

Opphavleg skulle dei same 20 landa frå 1978 ha delteke, men Tyrkia trekte seg kort tid før tevlinga etter press frå dei arabiske landa. Dimed deltok 19 land i finalen.

Etter ei svært jamn avrøysting vann vertsnasjonen med «Hallelujah», framført av Gali Atari og gruppa Milk and Honey[4]. Dette var fyrste gongen sidan 1973 at vertslandet vann tevlinga. Vinnarsongen fekk stor suksess og gjekk inn på hitlister over heile Europa. «Hallelujah» toppa den norske singellista i ti veker, noko som framleis er rekord for ein Eurovision-song. Spania enda på andreplass, mens Frankrike blei nummer tre med 1973-vinnaren Anne-Marie David. Tyskland kom på fjerdeplass og fekk stor kommersiell suksess med bidraget «Dschinghis Khan». Irland enda på femteplass. Noreg var representert av Anita Skorgan for andre gong; denne gongen med låten «Oliver». Det norske bidraget blei nummer 11 av 19 bidrag, med 57 poeng.

Bakgrunn

endre
 
Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem.

Etter sigeren året før med «A-ba-ni-bi» var det for fyrste gong Israel som stod vertskap for Eurovision Song Contest. Men kort tid etter sigeren i 1978 sådde EBU tvil om Israel var i stand til å arrangere tevlinga. Den israelske kringkastaren IBA hadde ikkje innført farge-tv, og det var heller ingen teknisk samband mellom Israel og Europa med stor nok kapasitet til å kringkaste eit show av dette omfanget til dei europeiske landa.[5] Men begge utfordringane løyste seg, og tevlinga blei for fyrste gong arrangert utanfor det geografiske Europa. Blant anna fekk IBA låne fargekamera-utstyr frå britiske BBC.

IBA la finalen til laurdag 31. mars 1979, og dette er siste gongen finalen har blitt arrangert så tidleg som i mars. Finalearenaen var Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi, den største arenaen av denne typen i Jerusalem på den tida. Av dei 2600 sitjeplassane i salen var 1000 fjerna for å få plass til scene, orkester, lys, kamera og anna teknisk utstyr.[6] På grunn av midtaustenkonflikten og den vedvarande trugselen mot Israel, var tryggleiksopplegget det mest omfattande i Eurovision Song Contest til då.[6] Dei 1600 publikummarane i salen var alle inviterte gjestar, og med streng tilgangskontroll. Showet kosta 17 millionar israelske pund, den dåverende mynteininga i Israel. Dette svarte til rundt 5 millionar kroner i 1979.[6] Scenendekoren var laga av Dov Ben David og bestod av tre ringar i ulike storleikar.[7] Sirklane var inspirerte av logoen til IBA og kunne flyttast og endrast frå song til song.[7]

Tyrkia trekkjer seg

endre
 
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

20 land melde seg på tevlinga, dei same landa som året før. Blant deltakarlanda var Tyrkia som hadde arrangert sin nasjonale finale i februar 1979. Der vann Maria Rita Epik og 21.Peron med låten «Seviyorum», men den tyrkiske vinnaren deltok aldri i Eurovision Song Contest. 5. mars samme år trekte Tyrkia seg frå finalen med følgjande grunngjeving: «Den tyrkiske regjering har alltid anerkjent det palestinske folks rettigheter og ment at Israel må trekke seg tilbake til grensene fra før krigen i 1967».[8] Også ei like viktig årsak til boikotten var press frå dei arabiske landa som meinte det var uakseptabelt av Tyrkia å stille i ei tevling i Israel.[9][10] Presset fekk Tyrkia til å bøye av, og dimed blei det berre 19 land i tevlinga. Det tyrkiske bidraget skulle ha vore det ellevte bidraget på scena i Jerusalem. Men Tyrkia deltok då Israel arrangerte Eurovision Song Contest 20 år seinare. Også i Noreg kom det enkelte, spreidde protestar mot norsk deltaking i Israel. Kritikken gjekk blant anna på at Noreg ved si deltaking, var med på å «legitimere en okkupasjon».[11][12][13]

I tillegg til dei 19 deltakerlanda blei finalen også sendt i Hongkong, Island og Romania.[14] Ifølgje VG sende også irakisk fjernsyn finalen og fekk overta kommentatorboksen til Tyrkia, som ikkje sende ein kommentator til Jerusalem.[15]

Sendinga

endre

Programmet starta med ein film som skulle portrettere Jerusalem som ein multikulturell, multireligiøs og moderne by i Midtausten. Deretter fortsatte sendinga frå International Convention Center, der programleiarane Daniel Pe'er og Yardena Arazi ønskte velkommen på hebraisk, fransk og engelsk. Pe'er var ein kjend nyhetsopplesar, mens Arazi hadde delteke i Eurovision Song Contest for Israel i 1976. Dei introduserte også EBU sin tevlingssjef og overoppsynsmann Frank Naef, som hadde rolla for andre gong. Startrekkefølgja var avgjord gjennom ei loddtrekking som blei gjennomført i hovudkvarteret til EBU i Genève hausten i forveien. Portugal opna konkurransen, mens Spania avslutta. Noreg hadde startnummer 16.

 
Gali Atari sikra Israel sin andre siger på rad, saman med gruppa Milk and Honey[16].

Kvart land blei introduserte med små postkortfilmar med element og musikk som representerte det aktuelle landet. Det norske postkortet viste vikingar om bord på eit vikingskip med «I Dovregubbens hall» som bakgrunnsmusikk.[14]

Blant deltakarane var det fleire artistar som hadde delteke tidlegare: sveitsiske Peter, Sue og Marc (1971 og 1976), nederlandske Sandra Reemer (1972 og 1976), norske Anita Skorgan (1977) og franske Anne-Marie David som hadde vunne tevlinga for Luxembourg i 1973. Men den største favoritten var den tyske gruppa Dschinghis Khan som stilte med låten «Dschinghis Khan». Songen handla om den mongolske herskaren Djengis Kahn og toppa den tyske singellista før tevlinga. Tyskland kom på fjerdeplass, men songen blei likevel ein stor hit over heile Europa. I Noreg låg songen ti veker på signellista med en tredjeplass som høgaste notering. Stor kommersiell suksess fekk også vinnarsongen «Hallelujah» frå vertslandet Israel. Han vann ein knapp siger over spanske «Su canción», men songen toppa hitlistene i Irland, Sverige og Noreg.[17] Blant anna låg han på fyrsteplass på den norske singellista i ti veker – meir enn nokon annan Eurovision-song.[18][19] Danmark stilte med Tommy Seebach[20] som kom på sjetteplass med sin «Disco Tango». Dette var det beste resultatet til Danmark sidan sigeren i 1963. Sverige stilte med popidolet Ted Gärdestad, men hans «Satellit» blei berre nummer 17 av 19. Monaco blei nummer 16, og dette blei den siste deltakinga til Monaco i Eurovision Song Contest på 25 år.

Pausenummeret var ein medley av israelske folkedansar, kalt Shalom '79 (Peace 79). Izhak Graziani dirigerte orkesteret under nummeret. Heile sendinga frå Jerusalem varte i over tre timer, noko som var ny rekord.[14] I åra før var showa rundt to timer lange.

Det norske bidraget

endre

Det norske bidraget dette året var «Oliver» med Anita Skorgan. Ho vann Melodi Grand Prix 10. februar, i tevling med blant andre Maj Britt Andersen, Inger Lise Rypdal og Hanne Krogh. «Oliver» var komponert av Skorgan sjølv, med tekst av Philip Kruse. I den internasjonale finalen var Noreg det 16. bidraget ut på scena, og Anita Skorgan hadde med seg George Keller, Kristian Lindeman, Helge Lindeman, Wenche Hallan og Kari Gjærum som koristar.[21] Dirigent for Noreg var Sigurd Jansen[22]. Egil Teige, som hadde leia den norske finalen, kommenterte sendingen på NRK Fjernsynet. Erik Heyerdahl kommenterte for NRK Radio, mens Sverre Christophersen las poenga frå den norske jurygruppa frå Oslo.

I avrøystinga fekk «Oliver» 57 poeng, inkludert 10 poeng frå Sverige. Dette var nok til ein ellevteplass, den beste plasseringa til Noreg på seks år. Den norske juryen gav ingen poeng til dei andre nordiske landa, og dette er einaste gongen Norge ikkje har gjeve poeng til nokon naboland med det noverande poengsystemet.

Avrøystinga

endre

Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU.

Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje lesne opp i stigande rekkefølgje frå 1 til 12 som i dag. I åra 1975–1979 blei poenga i staden lesne opp i kronologisk rekkefølgje etter startrekkefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av poengtavla å halde følgje, slik at dei raskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs. Fyrst året etter byrja ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12. Under avrøystinga gjentok programleiarane poenga på engelsk, fransk og hebraisk.[14]

Avrøystinga blei svært jamn og spennande, og i starten var ei rekkje land med i tetstriden. Israel tok leiinga, men etter kvart tok Spania, Frankrike og Tyskland innpå. Då 14 land hadde røysta, leia Spania med 93 poeng foran Frankrike sine 80 og Israel sine 71. Men deretter følgde tre 12-poengarar på rad for Israel, og Israel tok leiinga med 107 poeng – eit poeng foran Spania sine 106. Da det var eit land igjen å røyste, leia Spania med eit poeng. Spania røysta sist og kunne ikkje gje poeng til seg sjølv, dimed stod alt og fall på om den spanske juryen kom til å gje poeng til Israel. Spania gav 10 poeng til vertslandet, og dimed vann Israel sin andre siger på rad – til ekstatisk jubel frå heimepublikummet.[14] Frankrike blei nummer tre, mens førehandsfavoritten Tyskland blei nummer fire.

De nordiske landa utveksla lite poeng seg imellom; korkje Danmark, Finland eller Noreg gav noko poeng til dei nordiske landa, men svenske jurygruppa gav 10 poeng til Noreg og 1 poeng til Danmark.[23]

Deltakarar

endre

Under er lista over deltakarane og det offisielle resultatet.[24] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk[25] Plass Poeng
01   Portugal Manuela Bravo «Sobe, sobe, balão sobe» Portugisisk 9 64
02   Italia Matia Bazar «Raggio di luna» Italiensk 15 27
03   Danmark Tommy Seebach[26] «Disco tango» Dansk 6 76
04   Irland Cathal Dunne «Happy Man» Engelsk 5 80
05   Finland Katri Helena «Katson sineen taivaan» Finsk 14 38
06   Monaco Laurent Vaguener «Notre vie c'est la musique» Fransk 16 12
07   Hellas Elpida «Sokrátis» (Σωκράτη) Gresk 8 69
08   Sveits Peter, Sue og Marc + Pfuri, Gorps og Kniri «Trödler und Co» Tysk 10 60
09   Tyskland Dschinghis Khan «Dschinghis Khan» Tysk 4 86
10   Israel Gali Atari og Milk and Honey[27] «Hallelujah» (הללויה) Hebraisk 1 125
11   Frankrike Anne-Marie David «Je suis l'enfant-soleil» Fransk 3 106
12   Belgia Micha Marah «Hey Nana» Nederlandsk 18 5
13   Luxembourg Jeane Manson «J'ai déjà vu ça dans tes yeux» Fransk 13 44
14   Nederland Xandra «Colorado» Nederlandsk 12 51
15   Sverige Ted Gärdestad «Satellit» Svensk 17 8
16   Noreg Anita Skorgan «Oliver» Norsk 11 57
17   Storbritannia Black Lace «Mary Ann» Engelsk 7 73
18   Austerrike Christina Simon «Heute in Jerusalem» Tysk 18 5
19   Spania Betty Missiego «Su canción» Spansk 2 116

Tilbakevendende artistar

endre
Artist Land Deltok i Merknader
Anne-Marie David   Frankrike 1973 Vann for Luxembourg
Yardena Arazi (programleiar)   Israel 1976 Som del av gruppa Chocolate, Menta, Mastik
Xandra   Nederland 1972, 1976 I 1972 sammen med Andres Holten, og i 1976 som Sandra Reemer
Anita Skorgan   Noreg 1977
Peter, Sue og Marc   Sveits 1971, 1976

Poengtavle

endre

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen.[23]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                     
  Portugal 6 2 5 4 4 10 5 3 3 3 6 7 6 64 9
  Italia 8 8 3 8 27 15
  Danmark 2 3 12 1 10 12 6 7 4 8 1 3 3 4 76 6
  Irland 5 5 5 6 10 6 6 3 10 7 8 5 4 80 5
  Finland 7 7 8 5 5 6 38 14
  Monaco 1 2 4 3 2 12 16
  Hellas 10 1 4 7 7 2 10 4 1 5 7 2 2 7 69 8
  Sveits 7 1 10 2 2 7 4 7 8 12 60 10
  Tyskland 2 1 12 5 3 12 6 12 4 1 2 6 8 12 86 4
  Israel 12 6 12 12 8 4 5 1 2 8 1 12 12 12 8 10 125 1
  Frankrike 6 10 1 10 8 10 5 6 12 12 5 7 6 5 3 106 3
  Belgia 2 1 2 5 18
  Luxembourg 7 3 4 4 5 3 2 4 2 10 44 13
  Nederland 8 10 5 3 3 7 3 4 4 4 51 12
  Sverige 6 1 1 8 17
  Noreg 3 3 8 6 2 8 2 6 10 7 1 1 57 11
  Storbritannia 4 8 10 7 7 1 2 8 5 10 6 5 73 7
  Austerrike 4 1 5 18
  Spania 12 3 6 12 12 8 8 12 10 10 7 1 5 10 116 2

12 poeng

endre

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er eit oversyn over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
6   Israel Finland, Irland, Noreg, Portugal, Storbritannia, Sverige
4   Spania Belgia, Italia, Sveits, Tyskland
  Tyskland Danmark, Frankrike, Monaco, Spania
2   Danmark Hellas, Israel
  Frankrike Luxembourg, Nederland
1   Sveits Austerrike

Dirigentar

endre

Mens Izhak Graziani var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[28]

  1.   Portugal – Thilo Krasmann
  2.   Italia – Ingen dirigent
  3.   Danmark – Allan Botschinsky
  4.   Irland – Proinnsías Ó Duinn
  5.   Finland – Ossi Runne
  6.   Monaco – Gérard Salesse
  7.   Hellas – Lefteris Halkiadakis
  8.   Sveits – Rolf Zuckowski
  9.   Tyskland – Norbert Daum
  10.   Israel – Kobi Oshrat
  11.   Frankrike – Guy Mattéoni
  12.   Belgia – Francis Bay
  13.   Luxembourg – Hervé Roy
  14.   Nederland – Harry van Hoof
  15.   Sverige – Lars Samuelson
  16.   Noreg – Sigurd Jansen
  17.   Storbritannia – Ken Jones
  18.   Austerrike – Richard Österreicher
  19.   Spania – José Luis Navarro


Kommentatorar og poengopplesarar

endre

Poengopplesarar

endre

Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over telefon.[29] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:

  1.   Portugal – João Abel da Fonseca
  2.   Italia – Paola Perissi
  3.   Danmark – Bent Henius[30]
  4.   Irland – David Heffernan
  5.   Finland – Kaarina Pönniö
  6.   Monaco – Carole Chabrier
  7.   Hellas – Niki Venega
  8.   Sveits – Michel Stocker[31]
  9.   Tyskland – Lotti Ohnesorge
  10.   Israel – Dan Kaner
  11.   Frankrike – Fabienne Égal
  12.   Belgia – An Ploegaerts
  13.   Luxembourg – Jacques Harvey
  14.   Nederland – Ivo Niehe[32]
  15.   Sverige – Svenn Lindahl[33]
  16.   Noreg – Sverre Christophersen
  17.   Storbritannia – Colin Berry[34]
  18.   Austerrike – Jenny Pippal
  19.   Spania – Manuel Almendros


Kommentatorar og sendingar

endre

Eurovision Song Contest 1979 blei overført til alle deltakerlanda, i tillegg til Hongkong, Island og Romania. For fyrste gong sidan 1961 overførte ikkje jugoslavisk fjernsyn tevlinga. Årsaka var at Jugoslavia på denne tida ikkje hadde diplomatiske samband med Israel.[35] Dei fleste landa hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversyn over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1979:[36]

Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar) Ref.
  Austerrike ORF FS1 Max Schautzer [37][38]
  Belgia BRT TV1 Nederlandsk: Luc Appermont [39][40][41][42]
RTBF RTBF1 Fransk: Paule Herremann [40][41][43]
  Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius [44]
  Finland Yle TV1 Matti Paalosmaa [45][46]
Rinnakkaisohjelma
  Frankrike TF1 Marc Menant [42][43][47]
  Irland RTÉ RTÉ 1 Mike Murphy [48][49]
RTÉ Radio Liam Devally [50]
  Israel IBA Israelsk fjernsyn Yoram Arbel [51][52]
Forsvarsradioen Ukjent [52]
  Italia Rai Rete 1 Rosanna Vaudetti, sendt i opptak fra 21.50 [53]
  Hellas ERT ERT Mako Georgiadou [54][55]
  Luxembourg CLT RTL Télé-Luxembourg Jacques Navadic[56] [42]
RTL Radio Ukjent [41]
  Monaco Télé Monte-Carlo Marc Menant (fransk kommentator)
  Nederland NOS Nederland 2 Willem Duys [41][57]
  Noreg NRK NRK Fjernsynet Egil Teige [58]
NRK Radio Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå 23.10
  Portugal RTP RTP1 Fialho Gouveia [59][60]
RDP Programa 1 Ukjent [61]
  Spania TVE TVE 1 Miguel de los Santos [62][63]
  Storbritannia BBC BBC1 John Dunn [35][64]
BBC Radio 2 Ray Moore [35][65]
  Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Max Rüeger [38]
TSR Fransk: Georges Hardy [47]
TSI Italiensk: Giovanni Bertini [66]
RSI 1 Ukjend [47]
  Sverige SVT TV1 Ulf Elfving [33][45][58]
SR SR P3 Kent Finell [33][58]
  Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Ado Schlier og Gaby Schnelle [38][41][67][68]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator Ref.
  Hongkong TVB TVB Jade Regina Hing Yue Tsang og Lee Chi-chung, sendt 10.30 Hongkong-tid 1. april [69]
TVB Pearl George Lam, sendt 10.30 Hongkong-tid 1. april
  Island RÚV Sjónvarpið Björn Baldursson, sendt i opptak 16. april [70]
  Romania TVR Programul 1 Ukjend [14]

Kjelder

endre
  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  4. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  5. Storeng, Jørn (24. april 1978). «Neppe Melodi Grand Prix fra Israel». Verdens Gang. s. 41. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Granum, Bjørn (16. mars 1979). «Grand Prix i «sikkerhetens» tegn – Israel satser 100 prosent!». Arbeiderbladet. s. 1, 18. 
  7. 7,0 7,1 «Eurovision 79' Jerusalem | Dov Ben-David». www.dovbendavid.com. Henta 5. april 2023. 
  8. NTB og Reuters (6. mars 1979). «Nei til Grand-Prix». Verdens Gang. s. 8. 
  9. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, Storbritannia. 2007 ISBN 98-1-84442-994-3
  10. «Eurovision Song Contest Jerusalem 1979». eurovision.tv. 2017. Henta 30. juli 2017. 
  11. Palestinakomiteen/ Larsen, Robert G. (16. mars 1979). «Nei til Melodi Grand Prix i Jerusalem». Asker og Bærums budstikke. s. 4. 
  12. «Melodi Grand Prix». Arbeiderbladet. 30. mars 1979. s. 6. 
  13. Bødtker, Johannes S. (14. mars 1979). «Anita Skorgan – trekk deg fra Melodi Grand Prix i okkuperte Jerusalem». Asker og Bærums budstikke. s. 4. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 «Eurovision Song Contest 1979 – hele showet». IBA/EBU via YouTube. 31. mars 1979. Henta 18. september 2022. 
  15. Wærhaug, Sølvi (31. mars 1979). «600 millioner TV-seere!». Verdens Gang. 
  16. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  17. Hung, Steffen. «norwegiancharts.com - Milk And Honey - Hallelujah». www.norwegiancharts.com. Henta 31. juli 2017. 
  18. «Topplista for 'Hallelujah'». IFPI Norge. Henta 18. september 2022. 
  19. Thomas Talseth (14. mai 2016). «Tidenes største Eurovision Song Contest-hits i Norge». VG Nett. Arkivert frå originalen 18. september 2022. Henta 17. desember 2016. 
  20. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  21. Vikdal, Berit (30. mars 1979). «Heia, Anita!». Aftenposten. s. 4. 
  22. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  23. 23,0 23,1 «Eurovision Song Contest 1979 – detaljerte stemmeresultater». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 5. april 2023. 
  24. «Final of Jerusalem 1979 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 17. september 2022. 
  25. «Eurovision Song Contest 1979». The Diggiloo Thrush. Henta 30. juli 2017. 
  26. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  27. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  28. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  29. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  30. «Forside». esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 30. juli 2017. 
  31. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  32. «"Hallelujah: Het goede liedje op de goede plaats op de goede tijd». Leidse Courant (på nederlandsk). Historische Kranten, Erfgoed Leiden en Omstreken. 2. april 1979. s. 7. Henta 6. april 2023. 
  33. 33,0 33,1 33,2 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 140–141. ISBN 91-89136-29-2. 
  34. Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Prestatyn: Telos Publishing. s. 352–365. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  35. 35,0 35,1 35,2 Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Telos Publishing. s. 352–365. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  36. «The Eurovision Song Contest (1979)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  37. «Max Schautzer». maxschautzers Webseite! (på tysk). Henta 6. april 2023. «Er kommentierte für den ORF den Eurovision Song Contest 1979 in Jerusalem und für die ARD den Eurovision Song Contest 1991 in Rom.» 
  38. 38,0 38,1 38,2 «Tele-tip heute». Thuner Tagblatt (på tysk). www.e-newspaperarchives.ch. 31. mars 1979. s. 13. Henta 6. april 2023. 
  39. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  40. 40,0 40,1 «T.V. Programma's». De Voorpost (på nederlandsk). 30. mars 1979. s. 34–35. 
  41. 41,0 41,1 41,2 41,3 41,4 «Radio en televisie dit weekend». Limburgsch Dagblad (på nederlandsk). 31. mars 1979. s. 7. 
  42. 42,0 42,1 42,2 «Télé hebdo – samedi 31 mars». Luxemburger Wort (på fransk og tysk). viewer.eluxemburgensia.lu. 30. mars 1979. Henta 11. januar 2023. 
  43. 43,0 43,1 «1979 – Jérusalem (Israël)». songcontest.free.fr. Henta 6. april 2023. 
  44. «Programoversigt». www.larm.fm. LARM. Henta 6. april 2023. «21,00 Internationalt Melodi Grand Prix 1979 Transmission af finalen i Eurovisionens melodi-konkurrence i Jerusalem. Deltagere: Portugal, Italien, Danmark, Irland, Finland, Monaco. Grækenland, Schweiz, Tyskland, Israel, Frankrig, Belgien, Luxembourg, Holland, Sverige, Norge, Storbritannien, Østrig og Spanien. Dansk kommentator: Jørgen Mylius. Eurovision fra Israel.» 
  45. 45,0 45,1 «Radio ja TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 31. mars 1979. s. 39. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  46. «Euroviisut». Helsingin Sanomat (på finsk). nakoislehti.hs.fi. 31. mars 1979. s. 39. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  47. 47,0 47,1 47,2 «TV – samedi 31 mars». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 29. mars 1979. s. 14–15, 73. Henta 6. april 2023. 
  48. «Television Today». The Irish Times. 31. mars 1979. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  49. «Celebrities and public figures launch Irish campaign to boycott Eurovision 2019 in Israel». BDS Movement (på engelsk). 30. juli 2018. Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 6. april 2023. 
  50. «Radio Today». The Irish Times. 31. mars 1979. s. 21. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  51. Fra den hebraiske rulleteksten på den originale israelske sendingen.
  52. 52,0 52,1 «(«Shabat – 31.3.79 – Televizia») שבת – 31.3.79 – טלוויזיה». Davar (Israels nasjonalbibliotek). 30. mars 1979. s. 60. 
  53. «TV nazionale». Stampa Sera (på italiensk). www.archiviolastampa.it. 31. mars 1979. s. 15. Henta 6. april 2023. 
  54. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 10. august 2012. 
  55. «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023. 
  56. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  57. «De volgorde van opkomst». Algemeen Dagblad (på nederlandsk). Delpher. 31. mars 1979. s. 11. Henta 6. april 2023. 
  58. 58,0 58,1 58,2 «TV- og radioprogrammene: Melodi Grand Prix». Tønsbergs Blad. Nasjonalbiblioteket. 31. mars 1979. s. 43. Henta 6. april 2023. 
  59. «Festival da Eurovisão: "Aleluia", venceu o balão de Israel». Diário de Lisboa (Casa Comum). 2. april 1979. s. 24. 
  60. «Televisão – Hoje». Diário de Lisboa. casacomum.org. 31. mars 1979. s. 17. Henta 6. april 2023. 
  61. «Rádio». Diário de Lisboa. casacomum.org. 31. mars 1979. s. 22. Henta 6. april 2023. 
  62. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  63. «Programas de televisión». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 31. mars 1979. s. 63. Henta 6. april 2023. 
  64. «Eurovision Song Contest 1979 – BBC1». Radio Times. BBC Genome Project. 31. mars 1979. Henta 6. april 2023. 
  65. «Eurovision Song Contest 1979 – BBC Radio 2». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 31. mars 1979. Henta 6. april 2023. 
  66. «Oggi e domani sul video». Popolo e Libertà. Sistema bibliotecario ticinese. 31. mars 1979. s. 11. Henta 6. april 2023. 
  67. Horst Lietzberg. «Schlager-Quiz mit Spannung». Hörzu. Henta 6. april 2023. 
  68. «Eurovision Song Contest 1979». www.ecgermany.de. Henta 6. april 2023. 
  69. «本年度歐洲歌唱大賽 無線獲得獨家播映權 翡翠明珠台同時直播». Wah Kiu Yat Po (på kinesisk). Hongkong offentlige bibliotek. 31. mars 1979. s. 7.4. Henta 6. april 2023. 
  70. «Hvað er á seyði um helgina?». Dagblaðið. timarit.is. 11. april 1979. Henta 15. januar 2023.