Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal ( goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n ( Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t ( Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar. Les mer …
Mållaget ved Stord lærarskule ( Målvinarlaget) vart skipa 13. januar 1877 og skulle samla elevane på Stord seminar til arbeid for målsaka. Seminaret og mållaget vart for mange komande lærarar det fyrste møtet med målreisinga, og det fekk store verknader for spreiinga av målsaka utover bygdene på Vestlandet. Laget melde seg inn i Det norske Samlaget rett etter skipinga.
Til liks med dei andre seminara var det i byrjinga ein sterk motstand mot landsmålet og målsaka frå styraren og lærarane på seminaret. Dette endra seg etter kvart, og det endelege skiftet kom kring 1902 med nye målvenlege lærarkrefter. Den nye rektoren frå 1904, Peter Vogelius Bredal Deinboll, var meir målvenleg enn den gamle, og med Severin Eskeland som rektor frå 1917 fekk lærarskulen ein rektor som sjølv var aktiv målmann. Les mer …
Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf). Østlandsk reisning var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som samnorsk. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka.
1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren Ernst Håkon Jahr er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk. Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.
Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der. Les mer …
Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune. Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk. Les mer …
|