Lise Stauri. Foto: Ukjent. Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.
Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Pål Kluften Foto: Ukjent.
Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra. Les mer …
Kvam kyrkje (b. 1952). Foto: Anders Einar Hilden Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkje på Kvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940. I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen. Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940 under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann. Les mer …
|