"Rett som det var, kom gullfuglen. Med det same han slo ned og tok eplet, greip kongssonen etter han, men fekk berre tak i ei fjør. (....) Då han kom inn med fjøra, vart det ljost som klåre dagen".
Heilt sidan eg var ei lita jente, syntest eg eventyret om den kraftfulle Gullfuglen både var spennande og litt skummelt på same tid. Og akkurat som han, må eg innrømme at eg fleire gonger har vore på epleslang ... No har eg altså prøvd å fange inn dette fabelaktige vesenet på ein vott, med dei gylne fruktene som dekor på handflatene. Og endeleg, no er også Gullfuglen offisielt landa som mønster i boka Eventyrvotter.
Å finpusse på dette mønsteret tok temmeleg lang tid, og eg hadde nok ikkje kome så vél i hamn hadde det ikkje vore for den fine test-trioen min i Vottelauget.
Diagram, masketal, størrelse, pinnar, garn ... alt skal klaffe for at ein mønster skal kunne bli flygedyktig. Ekstra stas er det når dei ferdige teststrikk-vottane dukkar opp i postkassa mi!
Hjarteleg takk til Tori, Judith og Cecilie! Og til Wenche for det vi kallar tech ed.
Gullfuglen finst i to ulike størrelsar, dame liten og dame medium, men sjølvsagt kan menn også kle seg i desse "bevinga" vottane.
Mønsteret inviterer til alle slags fargekombinasjonar, og eit tips eg kjem med i boka, er også å lage ein enklare versjon med eple-mønsteret på begge sider. Kven blir den første som prøver ut akkurat dette skal tru ...? På Raverly er det oppretta prosjektside for Gullfuglen, i lag med alle dei andre mønstera frå boka som nettopp er komen ut på Aschehoug. Vi gler oss til å sjå din eventyrlege vri på vottane våre!
Alle foto av Gullfuglen: Møyfrid (Frida) Engeset