Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

søndag 1. april 2012

Herleg påske!


Ein aldri så liten tur innom for å ønskje alle ei fantastisk påske med alt kva godt er! Her tek me ikkje ferie rektig enno, men fjell og late dagar med familien ventar. Og fram til då blir det jobbing i entreen kons- gledar meg så til å syne bilete derifrå! Etter påske;-)

Påskeklem frå
Sjova

fredag 19. august 2011

Trilletur og traktor


Me hadde vel ein tanke om korleis det ville bli å gå frå å vere to til tre, men så annleis det har blitt! Å få ein unge er så mykje, mykje større enn ein kan førebu seg på, og me som syntes tida gjekk fort FØR, skjønar verkeleg ikkje noko no...Denne sommaren har gått så utruleg fort og den laaange what-to-do-lista kons, har me kasta for lengst. Istaden har det blitt mykje besøk, trilleturar og kos med veslejenta, og Sjaven har fått liv i sitt nye, lille vidunder. Måtte jo bli ein Gråtass av ein traktor her på bruket:-)


Det ville vel vore synd å seie at INGENTING har blitt gjort her i det siste, for sakte, men sikkert forsvinn stillaset rundt huset- takket vere Sjaven! Jippi! Denne kroken er heilt ferdig, og for fyrste gong på fleire år kan eg slå vindauga opp på vidt gap. Og eg kan vaske ruter utan å måtte leike akrobat. Men gleda av at huset byrjar å bli ferdig er kanskje størst!


Frittgåande høns er koseleg, men ikkje fullt så koseleg er det at dei skit over heile gardsplassen kons. Å berre ete smågrus er heller ikkje stas for dei skjønne fjørkrea. Så for å blidgjere både gardsfolk og høns, laga me ny utgong på fjosveggjen. I og med inngongen ligg rett imot hovudhuset, skjerma me av litt, med stakitt;-) Laga av Sjova (skry,skryt)


Utruleg kor mykje ting det samlar seg under ei låvebru, så litt avskjerming gjorde seg her au. Klatrehortensian min lika det iallafall:-) Å måle veggen har derimot ikkje vore lett med så mykje fukt...Oppe på låven har Sjaven innreda seg ein liten snekkarverkstad som mildt sagt er mykje i bruk. Planen er å byggje ny og større verkstad, men ikkje i 2011...

 
Tilslutt eit lite bilete av ho me brukar mest tid på om dagen! Ho veks og trivst som berre det, og er rett og slett solstråla på "Hæujen".

Ønskjer deg og dine ei strålande helg!
Klem,
Sjova
 




Related Posts with Thumbnails