Ein lastebil køyrde den smale vegen mellom 2 bygningar for eit par-tre veker sidan.
- møtte veggen vår og tok med seg listverk og hjørnebord -
dette er vegen ut i gågata frå bakhagen vår.
Det vert mykje styr av slikt -
spesielt når sjåføren seier at han ikkje la merke til at lastebilen er borti huset.
Styr vert det også av at slikt må spesialbestillast
og ein bør gjerne halde fram med å nytte handsmidde spikrar.
Førre veke var vi innom Molo for å handle linoljemåling og ymse anna
som slike fine buer brukar å ha.

Eg har hatt eit par veker ferie og ete meir mat av typen eg skal ete mindre av.
Eg er difor ekstra klar for å leve endå sunnare.
- og sidan han hin har sett i gang med vekependling -
kan menyen vere endå meir målretta enn elles!
kan menyen vere endå meir målretta enn elles!
Ernesto på Lærdal torg har alltid svært gode bær og grønsaker
- det aller meste er svært kortreist mat.
- det aller meste er svært kortreist mat.
I tillegg til jordbærkorga frå Ljøsne, kjøpte eg lilla blomkål og romanesco.
Det vart naturleg i ettertid å legge inn denne lenkja på Porten:
Landbruksministeren vitja Lærdal -
kommunalministeren var heimom frå ferie og viste han rundt.
Det vart naturleg i ettertid å legge inn denne lenkja på Porten:
Landbruksministeren vitja Lærdal -
kommunalministeren var heimom frå ferie og viste han rundt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar