I dag er dagen mange har venta på, det er 1. søndag i advent og i morgon startar nedteljinga til julaftan. Mange har kanskje halde på med nedteljinga i lange tider, men når eg tel ned dagane som er igjen til jul, ja då startar eg nedteljinga den 1. desember.
Eg har vore innom fleire bloggar og lese i dag, dei fleste har noko å skrive om advent. Kvifor markerar vi eigentleg advent? Line i Storemyra har eit flott innlegg om historikk rundt bl.a. advent, adventsstake, adventskalendar. Klikk deg gjerne innom den fine bloggen hennar for å sjå kva ho skriv:)
Ein annan fin blogg eg ofte er innom er Anna Lisa sin hjerteblogg, i dag vart eg rett og slett veldig engasjert då eg las innlegget hennar. Eg er SÅ einig i det ho skriv om at julebodskapen forsvinn mellom juleførebuingsstress og materialistisk fokus. Her er utdrag frå min kommentar til innlegget:
"Julefeiring har vorte ein stor kjøpefest frå ende til annan, og eg forstår knappast kor vi skal greie å lære ungane om den eigentlege grunnen til at vi feirar jul, når det kan verke som til og med foreldregenerasjonen har gløymt kvifor vi feirar denne nydelege høgtida!!!
Eg klamrar meg fast i den julefeiringa som eg sjølv har vakse opp med, der advent er ventetida, songane har tekst som omtalar "det vesle barnet", pynting og julegåvehandling skjer litt uti desember, samstundes prøvar eg å dysse ned kjøpefesten for vår eigen del. Eg vil ikkje at ungane våre skal forlange/forvente seg dei sværaste og dyraste gåvene, eg vil at dei skal lære seg å setje pris på det dei får -uansett verdien på gåvene."
I løpet av dei siste ti åra har eg merka at jula verkar til å starte tidlegare og tidlegare. Sjølvsagt kjem den 24. desember til same tid kvart år, men folk sine førebuingar startar så uhorveleg tidleg!!! Allereie i oktober kjem julevarer i butikkane, ein må vere førebudd på å verte spurt om julegåveynskjer. Blad og aviser skriv om korleis ein får den beste svoren på svineribba, ein vert fora med oppskrifter på nye variantar av dei tradisjonelle julekakene -korleis lage sunnare(!) julekaker (ja det er ikkje måte på kor sunt alt skal vere no til dags, ikkje eingong i jula skal ein skeie ut med litt ekstra smør og sukker...) Vidare skriv dei om korleis ein best skal takle julestresset, for at julestresset kjem, ja det er opplest og vedtatt for alle som ein. Ikkje rart at ein stakar kan kome til å kjenne på det såkalla julestresset når alt og alle rundt ein marmar om alt som skal ordnast til jul!
Det er ikkje lett å gå mot straumen, og når samfunnet legg opp til ein kjøpefest som utviklar seg til å verte større for kvart år, så er det lett å late seg rive litt med. Eg har bevisst ungått å legge handleturane mine til kjøpesenter, for dei har makt over meg, alle desse reklameskilta; kom og sjå på alt det nye, fine, alt du "må-ha", alt du "bør-ha" og alt du ikkje visste at du trengde, men som du sjølvsagt treng likevel... Eg vel å vente litt til. Eg trur at dess meir ein stressar med julegåvehandel og andre juleførebuingar, dess verre vert julestresset.
Ein annan ting eg vert skremd av er at ungar fortel at dei har berre "6 bukser" "3 tunikaer" "fire joggedressar" "fem kjolar" osv. difor treng å ynskje seg meir kle til jul! Kan hende er det eg som er frykteleg gamaldags, men er det vanleg at ungar i dag har ei garderobe som sjølv ein vaksen kan vere misunneleg på?!! For ikkje å snakke om når julegåveynskjelista til 10-åringar inneheld gåver som gir ein bakoversveis når ein ser kva desse gåvene kostar. Pc, i-pod, mobiltelefon står nok på mange ungdomar/born sine ynskjelister til jul, tippar at det er mange som får det også. Og for all del; for meg må andre gjere som dei ynskjer for sine ungar, så lyt vi gjere som vi ynskjer til våre ungar.
Det eg likevel reagerar på er at eg synest det "tek veldig av" dette julegåvehysteriet. Ikkje nok med at pakkane under juletreet ligg og kivar om å innehalde den sværaste gåva, adventskalendarane er heller ikkje kva dei ein gong var.
Mange har adventskalendaren full av små eller større gåver, kvar dag opnar ungane flotte gåver medan dei går og ventar på den STORE julegåvedagen; Julaftan! Så kjem julekvelden, ungane flekkar papira av den eine gåva etter den andre, har ikkje tid til å utforske gåva som nett er utpakka før dei hiv seg over neste. Så er det brått tomt for pakkar... Kva no? Var det alt? Ikkje fleire pakkar å opne? Kva skjer så med neste dag; 1.juledag? Er det antiklimakset sin dag? Eller greier ungane å skjøne at no er det ikkje pakkar før neste desember? Forhåpentlegvis leikar dei seg fornøgde med det dei har fått i julegåve, takksame for alt dei har fått, audmjuke fordi dei faktisk er heldige som har det trygt og godt, gjerne vitande om at akkurat det ikkje er ei sjølvfølgje.
No vart dette dagens utblåsning frå meg:) Eg har ikkje meint å støte nokon med det eg har skrive, dette var berre litt av mine tankar kring ventetida!
Minner om at det er siste dag i morgon for å delta i konkurransen min i innlegget 21.nov.
Alle kan legge att kommentarar, anonyme også!!