Tommel opp for mor som strikkar ei lue på no time!
Forleden fekk eg ein sms: Kor lang tid trengs for å strikka ei lue?
Svar: Tre kvarter fjorten dager?
Umogleg spørsmål, men eg tok utfordringa, mottakaren skulle tilbake til USA fire dagar seinare, og ville så gjerne ha med ei heimestrikka lue til kvar av dei to sonane sine...
Blå lue og brun lue. Den blå er ekspress-strikka, etter Nådelua mønsteret. Her strikka i Dale Heilo, som låg øverst i strikkekurven og briska seg og hevda det var kjapt å strikke med. Truleg var det Amerikatur som lokka, ikkje kvar dag garnet og strikken min får reise til USA!
Den brune håper eg nå får ein god heim, den har nemlig fått kurven, då den opprinnelege mottakaren plutseleg ikkje lengre var så god venn som me trudde han var..
Den kjærleiken, altså.
Stakkars lua, den har budt seg frem og stadig blitt vurdert, men funne for keisam som bursdagsgåve til ein 11-åring, for liten til gemalen og feil farge til dottera.
Men nå, nå kjem det moglegheiter!
Rett deg opp i rillene, stram opp alpakkaen og pakk kofferten, no skal du ut og reise!
Blå ull og brun alpakka:
God tur over there!!
Kjempefine luer :)
SvarSlett