Hopp til innhald

Wikipedia:Patruljering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit døme på koss «siste endringar» og skilnadsvisinga kan sjå ut i brukargrensesnittet til ein brukar med patruljeringsrettar (her frå Wikimeda Commons).

Patruljering vert nytta på Wikipedia for å letta arbeidet med å luka ut vandalisme frå dei siste endringane. Per dags dato (september 2010) kan einast administratorar og byråkratar utføra patruljering. Brukarar som korkje er administratorar eller byråkratar kan verta merkte som «autopatruljerte», noko som tyder endringane deira automatisk vert merkte av programvara som patruljerte.

Koss patruljera

[endre wikiteksten]

Ein kan patruljera nye versjonar på ei sida som finst frå før gjennom siste endringar. Ein trykkjer på «skil» ved ei endring som er merkt med eit raudt utropsteikn (!). Ein trykkjer so på éi av to lenkjer som heiter «[Merk som patruljert]». Den eine lenkja finst oppe ved informasjonen kring dato, klokkeslett og opphavsperson til versjonen; den andre ligg etter all artikkelteksten. Om ein oppdagar vandalisme, vil alle endringane til vandalen verta automatisk patruljerte om ein trykkjer på «rull attende».

Sider som er heilt nye patruljerer ein gjennom å trykkja seg inn på dei upatruljerte sidene, der ein vil finna ei lenkja etter artikkelteksten; nett som lenkje nr. 2 i tilfellet der det berre er snakk om ein ny versjon av sida.